Det nye Børve-ølet «Deildo» vart selt ut på rekordtid. No er Hardanger Handbryggeri klar med påskølet sitt.
Av Johannes H. Sekse
Med seks basis-sortar i botn, (Tyst, Spøkje tyst, Haarteigen, Bek og Kodnøl) og tre sesongøl (Potlaskatt, Deildo og Påkekrim i 5773), har det nye bryggerieventyret på Børve skote bortimot prepåskekriminell fart.
«Deildo» kom som ein salve på veganlegget med same namn – og forsvann.
«600 flasker var vekke på fire dagar», seier ein av ølgründerane, Petter Sexe Ulriksen, til IAG.no. «Bunnpris» – eller Handelslaget på Lofthus – selde til dømes ut 120 flasker på to dagar.
Ulriksen trøystar dei tyste med at i dag, torsdag 9. mars, laga dei ei ny koke med dette ølet, som er inspirert av rassikringprosjektet mellom Børve og Lofthus. Det vil vera klart i midten av april, seier han. – «Ølet altså». Vegopninga må venta litt til.
I mellomtida har dei derimot alt lansert påskeølet sitt. Dette er ein APA- (Amerikansk) type, raud på farge og litt mildare humla enn ein typisk IPA.
– Påskeølet vårt passar glimrande til t.d. spekjemat frå Spansteigen og grillmat – gjerne rett i solveggen.
Og medan du sit der og slikkar påskesol, kan du snu flaska og lesa på etiketten. Oppmodinga er kort og godt: «Skriv ein liten påskekrim, basert på stikkorda der». Ølet har kort og godt fått namnet «Påskekrim på 5773», og er alt no ute i alle butikkane i Ullensvang, nærbutikken i Tyssedal og Skarsmo – og på bryggeriutsalet på Børve.
I tillegg til eigne produkt, sel dei også varer frå andre lokale produsentar som spekepølse frå Spansteigen gard og saft frå «Hardanger Eple» (biletet til høgre).