I morgon, fredag, KLOKKA 18.00!! er det som tidlegare meldt, tre gode grunnar for å møta opp i «Grannatun» – Ragna Flotve, årsmøte i IAG og kviss med kveik av ymse slag.
Ragna vil fortelja oss om kva dei gjer i ein del andre grender, kva moglegheiter ein har med meir. Ho arbeider no i Landbruksavdelinga til Fylkesmannen i Hordaland, og kjem opprinneleg frå Trones.
Deretter vil Indre Austsio Grannalag avvikla ordinært årsmøte, før kvelden vert runda av med quiz – eller kviss. Denne gongen utan tema, men med spørsmål som dreiar seg om krinsen vår både no og før.
Anve Tveit og Johannes H. Sekse har laga dei 30 spørsmåla – som vert stilt i to omgangar, med pause mellom. Kvart deltakarlag skal telja 6 personar. Premie til beste lag.
Styreleiar Karl Arvid Andersen opplyser elles at det er kjøpt inn både vått og turt – både frå Børve og byd’n. Kakebakinga er og under god kontroll, slår han fast.
Og skulle du vera kontantlaus, er det ikkje lenger noko problem. Ta med bankkortet og dra det. Arrangøren har nemleg skaffa seg kortlesar.
Dermed er det berre å ynskja velkomne til alt og alle.