To millionar til vegljos på Sekse!

sekseveg1Eit samrøystes Utval for miljø og samferdsel i Hordaland har løyvt 2 millionar kroner til vegljos langs Seksevegen.

 «Dette er det største som har skjedd sidan IAG vart skipa», seier styreleiar i Indre Austsio Grannalag, Karl Arvid Andersen. Vegljos over Sekse har vore etterlyst av både foreldre og turgåarar i fleire tiår.

–  Vegljos var også ei av dei viktigaste av alle dei gode sakene som IAG skulle fronta, då laget vart skipa for nokre få år sidan. Og som me no faktisk har fått til, seier han.

Hildegunn Espe, Karl Arvid Andersen og Irèn L. Knutsen.
Karl Arvid Andersen, flankert av nestleiar Hildegunn Espe til venstre ogkasserar  Irèn L. Knutsen. (Arkivfoto)

Vedtaket inneber 2 millionar kroner i inneverande år – til 100 ljospunkt fordelt på den 2,5 kilometer lange fylkesvegen frå Hovland til Sandstå. Vedtaket er i tråd med tilråding frå Trafikksikringsutvalet i Hordaland.

Politisk starta prosessen med at Petter Sexe Ulriksen tok saka opp for tre-fire år sidan. Men så verka det som om saka ikkje kom vidare. IAG tok opp tråden i 2014, og har etter det  arbeidd kontinuerleg for å få hol på byllen, som Andersen uttrykkjer det.

Varaordførar Kåre Grønsnes, fekk seinare samrøystes vedtak i Plan- og ressursutvalet, om at prosjektet skulle prioriterast på topp i heradet sin plan over trafikksikringstiltak på fylkesvegar.

Etter det arbeidde IAG med å påverka samferdselskomiteen i fylket. Fyrst via Einar Lutro som då sat i der. Seinare la dei press på ordførar Solfrid Borge. Ho på si side har hatt mange samtalar med komiteleiaren i fylket, Nils Bjørke.

Karl Arvid Andersen rosar både Borge og Grønsnes for innsatsen deira i prosessen. Den 31. mars i år sende heradet søknad om midlar til gateljos, og ein knapp månd etter det, vart det altså gjort positivt  vedtak om å løyva pengar til det lenge etterlengta prosjektet.

–  Dette må vel vera ei skikkeleg gladsak, seier styreleiar i Indre Austsio Grannalag, Karl Arvid Andersen. Det er utruleg mange som nyttar Seksevegen til å gå tur eller trimma. I tillegg er det skuleveg og veg til og frå aktivitetar i grenda.

Me legg og til at Seksevegen fekk nytt asfaltdekke i fjor haust.

 

 

 

 

 

Forfattar: Johannes H. Sekse

Oppvaksen på Børve og Sekse. Odda gymnas (-1969). Stord lærarskule (1969-1971) Notodden lærerskole (1971-1972), kokk i militæret 1972(-1973). Norsklina ved Stord lærarskule (1973-1974). Lærar ved Rimbareid skule, Fitjar (1974-1982), Hauso barne- og ungdomsskule, Ullensvang (1984-1987), Avisarbeid: Redaktør i "Hardanger" (1982-1984). Før det: Redaktør i Marsteinen i Austevoll (1977-1982), Frilansar i bladet Sunnhordland (1975-1982) og frå 1984 frilansar og frå 1987-2011 journalist i Hardanger Folkeblad. . Driv no gard med frukt og sau, og er engasjert i ulike lag og ymse aktivitetar. Mellom anna er eg redaktør i heimesida til IAG.