Grannabryggjo

Etter ein liten stillstand er Stig Hesjedal no i gang med plastring av pir. Me har fått ein gunstig avtale med Brødrene Kråkevik. Dei har sett ei stor maskin her som me betalar for dei timane me brukar.

Stig startar her plastring på pir.
Stig startar her plastring på pir.

Her er plastingssteinane såvidt synlege. Steinane er lagt ned på meir enn 2 meter under fjæra sjø. Stig har innretta arbeidstide si etter fjøra sjø. All honnør for det.

Her er plastringa kome opp i + 2 m
Her er plastringa kome opp i + 2 m

Ytterdelen av piren er no kome opp i høgd + 2 m. Som me kan sjå har dette gjort til at me har vunne 7-8 meter i lengde på piren. Det går enorme mengder plastringstein til dette arbeidet. Det vert arbeidd kontinuerlig med å skaffa meir.  Terese på Nedre Børve har og donert ei røys ved Børvevegen. Berge Børve har kjøpt ny stor maskin og har stått for lasting av massane. Lastebil frå Brødr. Kråkevik har køyrt ned mange lass derifrå og også hatt internflytting nede ved bryggja.

lastebil med internflytting
lastebil med internflytting

Det nærmar seg eindel dugnadsarbeid for båteigarane. Her vil det verta ein ordning med timepris pr dugnadstime. Men dette vil styret i Grannabryggjo redegjera for.