Me ynskjer å levandegjera nettsida vår. Målet er at folk skal finna noko nytt nesten heile tida. Til det treng me også di hjelp!
Me i redaksjonen i «Grannanytt» og nettsida vår, kom saman for ei tid sidan. Me har alle vore travelt oppteke med mangt og mykje det siste halvåret. Men no satsar me på på ein «ny vår».
Me startar likså godt med namnet på nettsida. Sidan me kallar papiravisa vår for «Grannanytt» fann me ut at «Grannanett» var eit bra namn.
Her vil me leggja ut stoff etterkvart som me har noko å melda – antan det er noko nytt, eller noko kjekt og triveleg – eller begge deler.
Me ynskjer også å koma skikkeleg i gang med eit par galleri – eitt med gamle og historisk interessante bilete og eitt med dagsaktuelle glimt om ver, vind og andre motiv som folk er flinke til å gjera på Facebook.
Difor oppmodar me lesarane om å senda inn bilete. Så skal me leggja dei ut i galleriet.
Dei ulike laga og organisjonane er elles hjarteleg velkomne til å senda inn – eller sjølve leggja ut – stoff under sine eigne faner. Dei som ynskjer det, kan få opplæring, så dei kan gjera det sjølve. Elles hjelper me gjerne til med å leggja ut.
Send stoff til Tale eller Johannes – tale91@hotmail.com eller johannes.sekse@gmail.com