Den nye båthamna på Sekse

Grannabryggjo (Sjå og link nederst på sida)

Foto KA Andersen
Foto KA Andersen

Styret har arbeidd med å få tak i tilstrekkeleg med steinmassar og plastringsstein for å koma vidare i prosessen.

Brødrene Kråkevik har køyrt plastringsstein til oss frå fjellhallane på Boliden. Massane får me gratis, men det er transporten som kostar.

Me er no i dialog med fleire for å få tak i meir massar og reknar med at me innen kort tid har ei løysing på det. Dessverre har me ikkje fått meir massar frå Deildo. Heradet har prioritet der og har no fått mykje massar til sentrumsområdet på Lofthus.

Ei stor gravemaskin kjem på plass på nyåret. Då startar Stig Hesjedal med plastring av piren . Deretter skal landområdet bearbeidast. Då skal det verta parkeringsplass, gang-og sykkelveg og friområde bort mot badestrand.

Bygget som er planlagt i båthamna vil verta eit frittståande prosjekt når området elles er klart. Sjølve tomte til bygget vil verta planert så langt det let seg gjera og så er me avhengige av endå meir stein til utfylling. Dette vil verta eit felles bygdeprosjekt som krev både midlar og dugnadsinnsats.

Fundamentet som er bygd på dugnad ytterst på piren vert inngangsporten til båtplassane. Grannabryggjo er no i dialog/forhandlingar med 3 leverandørar av utstyr til etablering av båtplassar. Dette er Marina Solution i Ørsta. Marinegruppen på Tysnes og Vik-Ørsta , også dei etablert i Ørsta. Me har i samarbeid med dei kome fram til ein annan modell enn den me fyrst såg for oss. Styret har og vore på befaring på fleire båtanlegg, bl.a i Strandebarm og Granvin. Me kan då byggja vidare på  erfaringar derifrå og har sett kva løysingar dei har gått for.

Det vert eit krevande prosjekt økonomisk og det er pr. i dag selt 35 båtplassar. Me har plass til 50 båtar totalt i annlegget. Til fleire me får seld til rimelegare vert kvar båtplass. Når alle plassane er seld vil nok verdien på desse berre auka framover.

Prisen pr plass avheng av kor stor båt du har tenkt å ha. Dei rimelegaste plassane vil disponera omlag 2 meter.  Deretter prisar me pr 10 cm ekstra fram til den breidden folk ynskjer.

  • Me oppmodar alle dei som går med draumar om eigen båt å ta kontakt med styreleiar Terje Mala eller Randi Selvåg Fresvik som kan gjera avtalar om båtplass.

Me treng og nye medlemmer i Grannabryggjo. Som medlem vil du vil kunna ta del i utviklingen av området og har same rettigheitane som båteigarane. Båtplassen kan eventuelt koma seinare.

Dette vert eit flott prosjekt og ikkje minst ei trygg hamn for båtane.  Bryggene vert tilrettelagt med straumsøyler og vannpostar. Det kjem til å verta eit nytt landemerke for bygdane våre. Det vert og ein samlingsplass der båteigarar og andre kan samlast over ein kaffikopp i maritimt miljø.

Grannabryggjo har og meld seg inn i : Kongelig Norsk Båtforbund (KNBF)

Som er Norges største og einaste landsdekkende interesseorganisasjon for fritidsbåtbrukarar. Her vil me og få gode forsikringsordningar og medlemsfordeler for båteigarane.

Skisse frå Marina Solution

 

skisse frå Vik-Ørsta betongbrygger