![Drosjen til Evald Jåstad på veg over ØvsaSekse. Filmen er god reklame både for bilen og området her me bur. Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe.](http://indreaustsio.no/wp-content/uploads/2018/02/s3-1024x478.jpg)
Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe.
Den heilt spesielle og eineståande drosjen vart reklamefilma då han broomma seg over Sekse i fjor haust. Filmen vart lansert sist veke, og er minst like god reklame for Hardanger som for Ford.
Tekst: Johannes H. Sekse. Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe.
«Bånn gass! Bånn gass! Bånn gass!» seier treåringen som sit fastspent i baksetet på veg til barnehagen. Det er ikkje alle som har ein far som eig ein så spesiell drosje.
![Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe](http://indreaustsio.no/wp-content/uploads/2018/02/s4-1024x534.jpg)
Etter at Ford of Europe oppdaga bilen på Facebook, tok dei kontakt og sende deretter eit filmteam for å laga reklamefilm. Mykje av filmen er teken i nærområdet vårt – mellom Hovland og Sandstå.
![Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe](http://indreaustsio.no/wp-content/uploads/2018/02/s2-1024x478.jpg)
I ein reportasje i Hardanger Folkeblad (som hjul-fylgde fototeamet ein dag i fjor haust) fortel eigaren av «Det blå’a lynet» – Evald Jåstad (37) – at han alltid har vore interessert i rallysport. Då han fann ut at dei også laga denne bilen med fem dørar og god plass, slo han til.
![Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe](http://indreaustsio.no/wp-content/uploads/2018/02/s1-1024x450.jpg)
Bilen: Ein Ford Focus RS med 2,3 liters motor, akselerasjon frå 0 til 100 på 4,7 sek og 350 hk – slo han til. Dermed var han og eigar av den aller fyrste RS-drosjen i verda. I dag finst det to til – ein i Grimstad og ein i Rotterdam.
![Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe](http://indreaustsio.no/wp-content/uploads/2018/02/s5-1024x541.jpg)
Evald har mange nøgde kundar, frå hans eigen treåring via utanlandske ungdomar på ferie, til ei Oddadame på 95. Ho spør alltid etter RS-taxien når ho har handla.
Artikkelen i HF kan du lesa her: file:///C:/Users/Asus/Desktop/2018-01-29_Hardanger_Folkeblad_-_29-01-2018_print.pdf