Her går vegen til skytebanen. I år kan verta siste gongen me gjeng den vegen ! Den eine institusjonen etter den andre må gje tapt. Me vert ei fattigare bygd.
Men det er som med nærbutikken. Visst me ikkje brukar han, er livsgrunnlaget borte.
Ifølge styreformann Terje Mala i skyttarlaget har årsmøtet bestemt at dette vert siste året med oppskyting på banen. I fjor var det berre 30 som skaut opp til prøven. Det er for få til at det er forsvarleg å halda aktiviteten i gang.