Me vonar flest mogeleg i krinsen vår, og utenbygds med tilknyting til Indre Austsio, har lyst å støtta arbeidet vårt.
Det som no skjer i vår nye båthamn/bygdepark i Grannabryggjo er eit resultat av det IAG har fått i stand ved ein stor dugnadsinnsats, medlemspengar, grasrotmidlar etc. Reguleringsplanen for båthavna er i sin heilheit utført og betalt av IAG. Det har me all grunn til å vera stolte av. Ein reguleringsplan av dette format, utført med eksterne krefter, ville hatt ei kostnadsramme på mellom 400 000 og 500 000 kroner.
Nettsida vår, som er vorte ein felles kanal for fleire lag og organisasjonar, er og betalt, utvikla og drifta av IAG.
Den nye samlingsplassen som no er under bygging, er eit samarbeidsprosjekt mellom vårt lokale idrettslag Føyk og IAG. Kvar av desse laga har gitt kr 70 000 for å få prosjektet i gang. No sit me att med ein heller slunken kasse og me treng meir pengar for å få dette ambisiøse prosjektet i havn. Men det viktigaste av alt er den dugnadsånda som er vist av folk i bygdene våre. Dette viser sterkt samhold og vilje til å utvikla vår eige framtid. Og dette har me klart uten kommunale midlar !! Ikkje alle som får det til
Visst du vil støtta oss er medlemsprisen i IAG kr 100 pr. familie. All støtte er kjærkome og kan betalast inn på konto nr. 3530.27.67864. Eller vipps til IAG sekse.# 519186. Pengane går i sin heilheit til bygdeutvikling. IAG er og godkjent Grasrotmottakar i Norsk Tipping. Så visst du ikkje har knytt tippekortet ditt til eit anna lag så er me glade for alle bidrag. 5 % av tippeinnsatsen din går til IAG.
På førehand takk
Helsing IAG