No kjem vegljosa over Sekse

Ei heilt ny løysing, dukka opp på eit møte mellom Ullensvang herad og grunneigarane på Sekse torsdag kveld. Gløym luftspenn, kabel og grøft. No er det solcelle og led som tel. Dei to fyrste teststolpane kjem opp om få dagar.

Johannes H. Sekse

I 2017 løyvde Hordaland fylkeskommune 2 millionar kroner til vegljos langs Fylkesveg 101, Seksevegen. Ullensvang herad fekk oppdraget med å gjennomføra prosjektet.

Ein valde trestolpar og luftspenn og «Mesta» fekk tilbodet i konkurranse med tre andre. Kostnaden deira var under halvparten av den nærmaste.

Motstand

 Men det vart motstand mot luftspenn. Så vart det halde synfaring saman med Mesta, Statens Vegvesen, Kinsarvik breiband og Hardanger Energi for å vurdera ei kombinasjonsløysing mellom luftspenn og kabel i grøft. Men det vart langt dyrare enn dei løyvde kronene.

Her, ved Flisabakken, slutar vegljoset i dag. Dei to prøvemastene skal koma ovom dei.

Det heile tok uhorveleg lang tid, og prosjektet og pengane heldt på å glippa. Så dukka framtidsløysinga opp, utvikla av Mesta. Ledljos med straum frå solcellepanel.

Grubla

 Torsdag kveld møtte tenesteleiar for teknisk drift i Ullensvang herad – Marit Ystanes – grunneigarane for å presentera det nye alternativet. Med seg hadde ho prosjektingeniør Margit Børve.

Heilt sidan ho byrja i stillinga si, har Marit vore oppteken av at prosjekt vegljos på Sekse må verta realisert. Ho hadde grubla både natt og dag på korleis ein skulle få det til.

–  Me må tenkja annleis. Fornybar energi er framtida, sa ho innleiingsvis.    –  Frittståande stolpar gjer det heile meir fleksibelt. Rett nok treng ein litt fleire stolpar (rundt 100) enn elles. Men ein kan til dels bruka stolpar som alt eksisterer.

Innsparing

 Denne løysinga vil medføra ei innsparing på 25 000 kroner årleg på drift. Dei nye ljosa vert tente ved skumring, med 10 prosent styrke. Ved rørsle aukar ljoset til 60 prosent.  Etter 6 timar, sloknar dei. Men det kjem på att med ti prosent styrke om morgonen, og 60 når noko rører seg. To timar direkte solljos gjev nok straum for tre dagars forbruk.

ENGASJERT. Marit Ystanes måtte engajsera seg for å overtyda alle om at led og solcelle var framtida.

No var utfordringa å overtyda grunneigarane. Det var ikkje berre rett-fram. Fleire peika på at heradet burde ha sputta i med dei midlane som mangla for å få ei kombiløysing.

Burde ansvarsgjerast

–  Etter alle millionane ein har brukt på Lofthus sentrum, så ville det ikkje vera for mykje forlangt. –  Heradet burde ansvarsgjerast, vart det sagt.

Mange frykta derimot at det ville ta lang tid – og det var usikkert om det i det heile ville føra fram. Til slutt var det difor full semja om å gå for det nye, framtidsretta, grøne alternativet. Men dei to frå heradet lova å stå på for eventuelt å få til ei opprydding i stolpeskogen som ein i dag finn fleire stader langs Seksevegen.

Kommunal propp

 Dermed losna det, som har stått som ein kommunal propp i to år. Ystanes hadde alt ordna med to prøvestolpar, gratis frå Mesta. Jon Arne Sekse har sagt ja til å plassera dei på sin eigedom.  Åsmund A. Sekse frå Statens Vegvesen skulle syta for at dei kjem på plass. Noko, som etter alt å døma vil skje ein av dei aller fyrste dagane.

Dermed får ein testa ut korleis dei fungerer, før ein går vidare.

FRAMTIDSRETTA. Plansjen fortel kort koreis det nye systemet fungerer. Grunneigar, politikar og breibandmann, Petter Sekse Ulriksen, og ein del andre ynskte seg ei kombiløysing, men sidan ein frykta for at heile prosjektet kunne havarera, samla grunneigarane seg om det tråådlause alternativet.

I neste omgang vil ein då ta ein ny runde for å vurdera plassering, i samarbeid med grunneigarane. Ein kan også bruka ein del av dei eksisterande stolpane. Husvegger som står nær nok, kan og vurderast.

Leiar i Indre Austsio Grannalag, Karl Arvid Andersen, Marit Ystanes og Åsmund A. Sekse fekk velfortent applaus for å ha ført prosessen vidare, slik at ein no får ei endeleg løysing.

 

 

 

 

Forfattar: Johannes H. Sekse

Oppvaksen på Børve og Sekse. Odda gymnas (-1969). Stord lærarskule (1969-1971) Notodden lærerskole (1971-1972), kokk i militæret 1972(-1973). Norsklina ved Stord lærarskule (1973-1974). Lærar ved Rimbareid skule, Fitjar (1974-1982), Hauso barne- og ungdomsskule, Ullensvang (1984-1987), Avisarbeid: Redaktør i "Hardanger" (1982-1984). Før det: Redaktør i Marsteinen i Austevoll (1977-1982), Frilansar i bladet Sunnhordland (1975-1982) og frå 1984 frilansar og frå 1987-2011 journalist i Hardanger Folkeblad. . Driv no gard med frukt og sau, og er engasjert i ulike lag og ymse aktivitetar. Mellom anna er eg redaktør i heimesida til IAG.