40 er farten no

No har endeleg Seksevegen fått rett fartsskilting. Til no har det vore ulike tolkingar, og til dels feilskilting, noko som vart oppdaga i samband med at det skulle planleggjast vegljos langs vegen.

Nokon meinte til og med at fartsgrensa var 80 km/t når du kom ein veg, og 60 den andre. Dei nye skilta fortel med tydeleg skrift at no er det 40 som gjeld.

To skilt ved starten på 40-sona, og…….

…..eitt påminningsskilt for kvar 500 meter på høgre sida.

Me legg elles til at fundamenta til dei to fyrste led-solcelle-vegljosmastene er støypte. Mastene er såleis snart klare for montering. Dei er plasserte rett sør for Flisabakken, der dei eksisterande ljosmastene stoppar. Så snart ein har funne ut om en nye teknologien fungerer, skal til saman 100 vegljos gjera det trivelegare for alle dei som ferdast langs vegen. Ikkje minst er dette og ein skuleveg for mange.

Forfattar: Johannes H. Sekse

Oppvaksen på Børve og Sekse. Odda gymnas (-1969). Stord lærarskule (1969-1971) Notodden lærerskole (1971-1972), kokk i militæret 1972(-1973). Norsklina ved Stord lærarskule (1973-1974). Lærar ved Rimbareid skule, Fitjar (1974-1982), Hauso barne- og ungdomsskule, Ullensvang (1984-1987), Avisarbeid: Redaktør i "Hardanger" (1982-1984). Før det: Redaktør i Marsteinen i Austevoll (1977-1982), Frilansar i bladet Sunnhordland (1975-1982) og frå 1984 frilansar og frå 1987-2011 journalist i Hardanger Folkeblad. . Driv no gard med frukt og sau, og er engasjert i ulike lag og ymse aktivitetar. Mellom anna er eg redaktør i heimesida til IAG.