Prøvemastene er sett opp.
Mesta har sett opp 2 prøvemaster nederst på Jon Arne Sekse sin eigedom mot Flisabakken.
Desse skal stå i ein periode slik at folk kan danna seg ein meining om korleis dei fungerer.
Ljoset er drive av sollcellepanel. Det er viktig at folk gir tilbakemelding om funksjon.
Ljoset er programmert til å slå seg på og av og har og rørslesensor. Det me har oppdaga er at ljoset slår seg av ca kl 0630 om morgonen. Me har gitt tilbakemelding om dette. Den viktigaste tida med ljos er jo når ungane går til skulen.
Dette er upløgd mark også for statens vegvesen. Dei har ingen erfaring med denne typen belysning. Derfor er dette ein prøveordning for vegvesenet og. Det er jo dei som skal drifta det og. For dei er det viktig at dei gjev godt nok ljos utan å kreva for mykje vedlikehald.
Gje gjerne ein tilbakemelding til underteikna. IAG vil videreformidla til tenesteleiar i Ullensvang Herad , Marit Ystanes, som er heradet sin kontaktperson. Ho har verkeleg stått på for gje Seksevegen gateljos. Men som alltid er det pengar som begrensar. Fylket har gjeve oss 2 millonar til gateljos.
Det ideelle hadde vore stålmaster med kabel i grøft. Dette er standard i henhold til Statens vegvesenet sine kriteriar for gateljos. Men dette ville hatt ei kostnadsramme på ca 5 millonar, Derfor har heradet no sett på andre og rimelegare løysingar.
Visst ikkje me vert einige og får til ei akseptabel løysing i løpet av 2019 vil pengane gå tilbake til Fylkeskommunen.
Karl Arvid Andersen
IAG