Vår nye arena i Markaståvikje.
På årsmøtet til IAG kom det fram at det var forvirring om sammenhengen mellom dei forskjellige prosjekter.
Ska prøva å utdjupa litt :
Grannabryggjo er ei medlemsforening der alle kan melda seg inn ved å betala ei medlemsavgift. Både dei som har båtplass og dei som berre er medlem, har same rettigheiter i foreningen. Blant anna utsetjing av båt frå betongslipp. Medlemsavgifta vert bestemt av årsmøtet.Formann er Bodil Svoldal og kasserar er Randi Selvåg Fresvik.
Så er det bryggja som er under bygging. Då snakkar me om den delen der det står pålar i sjøen.
Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Føyk og IAG. I fjor løyvde me i fellesskap 140 000 kroner til innkjøp av materialar. Arbeidet er på dugnad. Her begynte me i fjor å bitta pålane saman med stolpar mot land.
I år har IAG løyvd 25000 kroner og me reknar med at Føyk gjere det same. Dette skal gå til ferdigstilling av bryggja / kaien. Kaien får eit trykkimpregnert dekke og vert på ca 100 m2
Me vonar at dette skal verta ein ny samlingsplass for bygdefolket med tilknyting til badestranda
Det er og forvirring om Føyk og IAG sin rolle i Grannabryggjo.(båthamne) IAG er eigar av reguleringsplanen for heile området i Grannabryggjo. Rguleringsplanen er utarbeidd og betalt av IAG sine medlemmer. Dette representerar ein eigardel som IAG fortsatt har i Grannabryggjo.
I reguleringsplanen er det planlagt og inntegna eit tredelt bygg med plassering i inste del av steinpiren. Her planla Føyk å byggja eit kajakksenter, med innelagring av kajakkar og flytebryggja i sjøen nedanfor for ombordstigning i kajakkane.
I og med at det er eindel begrepsforvirring forslår eg no at me set i gang ein navnekonkuranse .
Kva skal «bygdebryggja» heita. Kom gjerne med navneforslag på Indre austsio grannalag si facebookside.
Vonar dette gjorde ting litt klarare.