No kjem vegljosa

 

For 31 år sidan var det synfaring langs Seksevegen med tanke på å få vegljos  frå Hovland til Markastå.  No kjem det! Endeleg!

Fartsskilt. Det gjekk raskare å få på plass fartsskilt på Seksevegen, enn ljosmaster. Men no kjem dei og.

Nesten tretti år tok det før noko meir skjedde. Etter påtrykk frå Indre Austsio Grannalag (IAG), vart prosjektet proritert på topp av Ullensvang heeradsstyrre. Etter det, løyvde Hordaland fylkeskommune to millionar kroner. Men tida gjekk utan at det kom noko konkret ut av det. Etter kvart var mange redde for at dei løyvde pengane skulle verta trekte innatt.

Men så kom Marit

(Marit Ystanes, Tenesteleiar Teknisk drift og Samfunnsutvikling i Ullensvang herad.)

 Rett nok har også ho møtt mange fartsdumpar, men ho har heile tida arbeidd med fokus på å få prosjektet på plass.

Som lesarane våre veit, gjekk ein vekk frå straumkablar og grøfter/luftspenn, og det vart arbeidd vidare med solcelledrive vegljos.

– Det er eit sterkt ynskje frå heradet å få til vegljos på heile strekninga, skriv Marit i ein epost til heimesida vår. Men dei to prøvemastene viste seg å vera mangefulle og fungerte ikkje.

Synfaring  den 16. april:  Frå venstre Marit Ystanes,  Dag Magne Maberg, BTG AS,  Svein Miljeteig frå Mesta AS og Trygve Raen, BTG AS. Dei slo fast at prøvemastene rett og slett ikkje fungerte.

Etter ein prøveperiode i vinter, tok everandøren og produsenten av Solcellemastene, firmaet BTG AS,  ny kontakt med både Marit og  leiaren i IAG, Karl Arvid Andersen, for å informera om at det vart oppdaga feil med koblingar i fleire av dei utsendte prøvemastene – noko som gjorde lading av batteria dårlegare. Dette var truleg også grunnen til at mastene vart utlada i vinter.

I tillegg var panela lause og blafra i vinden

No har dei utvikla ei ny mast «Ilume 2.0» med integrerte solcellepanel på masta – på alle fire sider. Batteria er plassert nedst på stolpen. Mastene vert levert med to batteri, men har plass til to ekstra.

Slik ser dei nye mastene ut. Foto: BTG.

Marit Ystanes ynskte då at produsenten skulle koma og sjå området for å få vita meir om værforhold og høge fjell – og til tider mykje regn. Dei kom den 16. april.

Dei fann  fleire feil med prøvemastene, mellom anna dårlege koblingar. Etter synfaringa, uttalte Trygve Raaen, grûnder og dagleg leiar i BTG :

«Såvidt jeg kan bedømme virker Sekse å være en godt egnet sted for installasjon av soldrevet gatelys. Her er det åpent og luftig, og lite som kan kaste skygge på solpanelene. Vi har så stor tro på dette prosjektet at vi har lagt 3 års driftsavtale med i tilbudet vårt».

– Det betyr at dei vil fylgja opp drift og vedlikehald dei fyrste tre åra, seier Marit. Produsenten av mastene ser dette som eit svært spennande prosjekt – og er stolte over å få vera med på utvikling av eit framtidsretta og miljøvenleg løysing på vegljos.

Brukte ferien.  Marit Ystanes brukte nokre dagr av ferien sin, for å  førebu den vidare prosessen. Difor stiller ho her i «sivil».

Onsdag 3 juli vart det halde synfaring med Mesta AS, for å merke plassering av mastene. Det vert trong for rundt 83 master på heile strekninga. Og mastene vil verta montert i haust slik at det vert lys over Sekse til vinteren.

Arbeidet med å støypa/tilretteleggja fundament, er no kome i gang. I dag, 12. august, er det finmåling og justering for plassering av matene, etter at Marit faktisk brukte fleire dagar av ferien sin, for å grovmerka plasseringspunkt.

Siste finish. For å vera heilt sikker på at avstandar og plassering stemte med notatane, gjkk ho ein ekstra runde.

Marit Ystanes ynskjer så sterkt ho kan å  beklaga at saka har teke lang tid. For også etter at ho kom inn i biletet, har det vore mykje fram og attende. Heradsstyret har fått høyra om Vegljos Sekse jamt og trutt sidan ho starta i august i fjor.

«Kanskje  var det «hell i uhell» at dei «gamle» solcellemastene «Ilume 1» ikkje fungerte som dei skulle – og at det i mellomtida vart utvikla ei betre mast som også er «smekrare» i utsjånaden. Aldri så gale at det ikkje er godt for noko.», seier Marit Ystanes og håpar at alle som bur langs vegen vert nøgd med løysinga.

 

Forfattar: Johannes H. Sekse

Oppvaksen på Børve og Sekse. Odda gymnas (-1969). Stord lærarskule (1969-1971) Notodden lærerskole (1971-1972), kokk i militæret 1972(-1973). Norsklina ved Stord lærarskule (1973-1974). Lærar ved Rimbareid skule, Fitjar (1974-1982), Hauso barne- og ungdomsskule, Ullensvang (1984-1987), Avisarbeid: Redaktør i "Hardanger" (1982-1984). Før det: Redaktør i Marsteinen i Austevoll (1977-1982), Frilansar i bladet Sunnhordland (1975-1982) og frå 1984 frilansar og frå 1987-2011 journalist i Hardanger Folkeblad. . Driv no gard med frukt og sau, og er engasjert i ulike lag og ymse aktivitetar. Mellom anna er eg redaktør i heimesida til IAG.