Medlem IAG

MEDLEMSKONTINGENT 2020

Vyrde sambygdingar!

I krinsen vår vert det kvart år lagt ned ein svært stor dugnadsinnsats hjå mange, og innanfor eit stort spenn av områder. Ein del av det som skjer er verksett og koordinert av Indre Austsio Grannalag (IAG).

IAG er ei partipolitisk uavhengig foreining som skal:

  • Fremja tiltakslyst i bygdene slik at det er ein triveleg stad å bu
  • Vera eit talerøyr og høyringsinstans i saker som rører ved lokalsamfunnet sine interesser.
  • Arbeide for auka  busetjing og fremja næringsutvikling i bygdene.
  • Vera eit samla forum for lag og foreiningar.
  • Koordinere og gje oversikt over aktivitetar i bygdene.

Medlemskontingenten vart på årsmøtet sett til 100,- pr husstand for 2020. NB! Skriv i merknadsfeltet  namna på alle i husstanden medlemskontingenten gjeld for. Dette er viktig for medlemsregistreringa vår! Vonar de vil fortsetja å støtta arbeidet vårt ved å vera medlem !

Me hadde som hovudmål i vår å ferdigstilla bryggjo / uteplassen som Føyk og IAG har samarbeidd om. Grunna Korona epidemien måtte me utsetja oppstart av dette arbeidet.

Me ser for oss at me kan starta oppatt dugnadsarbeidet i løpet av mai /Juni. I fyrste omgang skal me kle inn kaien med eit «skjørt» ned mot sjøbotnen. Redningsbøye / benkar etc skal og på plass. Me hadde planlagt ein opning / dugnadsfest når arbeidet var ferdig, men det har me utsett på ubestemt tid. Ellers er me opne for nye prosjekter me kan arbeida med.

Medlemspengar er kr 100 pr familie og kan betalast inn på konto nr. 3530.27.67864. Eller vipps til IAG sekse.# 519186. Pengane går i sin heilheit til bygdeutvikling. IAG er og godkjend Grasrotmottakar i Norsk Tipping.

Flinke karar har rydda Galden og laga eit nytt flott utsiktspunkt. Dette er «Liatravaren » til Føyk sin mest besøkte stad. I desse Koronatider har mange nytta seg av dette tilbodet. Her er det helse i kvar sveittedråpe. Med stor honnør til dei som har helde vegen åpen etter dei siste 2 stormane. Ein flott innsats !