Etter ei vellukka treningshelg i januar vil me gjenta dette
Kjersti M. Føllesdal kjem att og det vert nokonlunde same opplegg som sist, bortsett frå fredagen.
Laurdag 10. november:
- 10 – 11.00: Uthaldenheit og styrke
- 11 – 12.30: Yoga Flow
- 00 Felles lunch etter treninga – bygdekv.laget handlar inn og lagar til
Sundag 11. november:
Kl. 10. – 11.00: Styrke
Kl. 11. – 12.15: Yoga Flow
Ta med: Tjukke labbar, god gensar, teppe+ treningsmatte og strikk (lang) for dei som har dette.
Velkomen til ei inspirerande og sprek helg på Sekse!!
Påmelding til Signe Lise Børve
tlf. 48213341 evt. epost: siliborve@gmail.com snarast mogeleg.
Helsing Børve/sekse bk.lag
Forfattar: Johannes H. Sekse
Oppvaksen på Børve og Sekse. Odda gymnas (-1969). Stord lærarskule (1969-1971) Notodden lærerskole (1971-1972), kokk i militæret 1972(-1973). Norsklina ved Stord lærarskule (1973-1974). Lærar ved Rimbareid skule, Fitjar (1974-1982), Hauso barne- og ungdomsskule, Ullensvang (1984-1987), Avisarbeid: Redaktør i "Hardanger" (1982-1984). Før det: Redaktør i Marsteinen i Austevoll (1977-1982), Frilansar i bladet Sunnhordland (1975-1982) og frå 1984 frilansar og frå 1987-2011 journalist i Hardanger Folkeblad. .
Driv no gard med frukt og sau, og er engasjert i ulike lag og ymse aktivitetar. Mellom anna er eg redaktør i heimesida til IAG.
Sjå alle innlegg av Johannes H. Sekse