Torsdag 11. oktober invaderte dei godt vaksne frå heile austsida av Ullensvang – «Grannatun» på Sekse. Børve, Sekse, Espe eldrelag hadde invitert dei to andre laga – Lofthus pensjonistlag og Kinsarvik pesjonistlag til kulturell og koseleg samkome.
Hovudtrekkplasteret var Magne Velure (biletet), som fortalde om, og las frå boka «Kvardagsord» og andre tekstar frå bloggens hans «Jakobs bok».
Her ynskjer leiar, Jon Arne Meland velkomne til dei rundt 70-80 frammøtte. Han er flankert av gamaldansgruppa «Siste utveg», som slett ikkje lever opp til namnet sitt. Tvert imot. Frå venstre ser me Alf Hunnålvatn, Ottar Sekse, Harald Opedal, Sjur Oppedal og Egil Urheim.
Fleire av dei frammøtte nytta høvet til å krydra stunda med gode stubbar og helsingar.
Leif Harald Ystanes var ein av dei.
Leiar i Kinsarvik pensjonistlag, Kjell Husebø, ein annan.
Salen i ungdomshuset på Sekse, er ei vakker råme kring samlinga. Ikkje minst måleria og teikningane til Kari Vivelid.
Her ventar ein på maten.
Det kribla i ein del danseføter når gladgutane frå Ringøy, Kinsarvik og Stronde sleppte seg laus.
Det vanka både mat, kaffi og kake. Og til slutt var det åresal.