Nytt stupebrett er på plass på bryggja i markastå. Dette har Bjørn Terje Svoldal jobba med heima på Nausto i lang tid. Og resultatet er utruleg flott. Reine møbelet. Me må berre takka Bjørn Terje. Indre Austsio er heldige !
Dette er reine gåva til alle badeglade i området. Spesielt for den yngre garde er dette etterlengta.
Materialen til Gapahuk er komen på plass. Føyk har fått Kr. 40 000 til dette prosjektet, som inkluderar Gapahuk og eldstad. Erling Børve har vore kjærkomen og ivrig i dugnadsgjengen vår. No har me fått han med på nok eit prosjekt. I lag med Johan Sandven skal dei få nok eit anlegg å bryna seg på. Dei som har lyst å bidra kan ta kontakt med Erling eller Johan.
Føyk og IAG har grunn til å vera stolte over dette flotte dugnadsprosjektet. Det har vore eit stort stykke arbeid med hundrevis av dugnadstimar nedlagt.
Me skal prøva å samla store og små når anlegget står heilt ferdig. Då skal bygdene våre feira seg sjølve med kaker, kaffi, brus og grilling.