Bruk menypunkta til denne sida for framlegg til turar i området Børve-Skjeldvik
Turane er stort sett umerka, sjå punktet Kart og spor for meir info.
Allemannsretten gjev alle rett til ferdsel og opphald i utmarka i Noreg. Ein skal bruka marka slik at ein ikkje gjer skade eller er til ulempe for andre:
- Ta omsyn til utmarksnæringane
- Lat att grinda! Lukk den i alle tilfelle du er i tvil
- Ta omsyn til andre brukarar av området
- Forstyrr ikkje dyr eller fuglar
- Ta omsyn til beitedyr og hald hunden i band
- Alminneleg motorisert ferdsel i utmark er forbode
- Ikkje gjer opp eld i skog og mark frå 15.april til 15.september. Ved bålbrenning, hald god avstand til hus og ikkje direkte på berg. Vis alltid aktsemd.
Det finst få offentlege og tilrettelagde parkeringsplassar i området. Parkering må gjerast med godt skjønn og ikkje til hinder og irritasjon for grunneigar eller andre. I tvilstilfelle bør parkering avtalast med grunneigar.
Ta desse omsyna og ha ein god tur!