Kart og spor

TittelFøyk har laga turkart i målestokk 1:25 000 som dekker området frå Skjeldvik ved grensa mot Odda i Sør til nord for Børve. Dekkar lia og heimfjellet for krinsen med postnummer 5773.

Kartet har to sider i A3 (dobbelsidig A3). Fila er over 13MB. Det kan  kjøpast av Føyk som trykt dobbelsidig kart, bretta til lommeformat. Ta kontakt med kasserar Kari Sekse for bestilling, tlf.nr 916 92 086. Pris kr 50,-

TuraneFøyk rår til at ein bruker papirkartet på tur, men bruk gjerne GPS/telefon i kombinasjon med dette, så er det enklare å finna ut kor ein er i terrenget om ein er usikker.Framlegg til ulike turar er vist på kartet. Kvar av desse turane er nummererte.

Skildringar og bilete frå nokre av turane er gjeve på eigne sider (menypunkt). Merk at berre hovudturane har eigne sider, tilknytta og alternative turar er lagt inn under den same sida som hovudturen. For eksempel er turane/alternativa 11, 12 og 13 til høgre omtalt under sida Stegastein, som har spor nummer 1 og er hovudtur for dette området.

Hovudturane 1-5 går til postane i Liatraven.

Ei zip-fil med GPX spor til bruk på GPS eller smart-telefon kan lastast ned her. GPS sporloggen er midlertidig ute pga justeringar.

Ein fullverdig GPS er sjølvsagt det beste hjelpemiddelet om ein vil navigera etter spora, men smart-telefon fungerer også greitt etter litt trening. Det kan fungera  slik at ein app viser spora på eit enkelt kart. Dersom funksjonen «posisjon» er aktivert på telefonen ser ein kor denne er i høve til sporet på kartet.

Det finst mange ulike telefontypar og sikkert enno fleire ulike appar. Eit eksempel på installasjon og vising av GPX spora på ein Samsung Android telefon finn du her.

Føyk rår til at ein bruker papirkartet på tur, men bruk gjerne GPS/telefon i kombinasjon med dette, så er det enklare å finna ut kor ein er i terrenget om ein er usikker.

Bruken av spora og kartet er på eige ansvar. Spora som er vist er ikkje nødvendigvis dei «rette» for alle. Det einaste Føyk garanterer er at spora er farbare!  Mange gonger finst det alternative ruter. Kom gjerne med tilbakemeldingar og framlegg til forbetringar.