Mest på langs

Liene langs Sørfjorden er bratte. Berre dei sprekaste motbakkeløparane har kapasitet til å ta joggeturen oppover lia. Dei fleste som ynskjer å jogga må derfor i all hovudsak ta turen på langs av lia, kanskje kombinert med nokre mindre stigningar der ein går over til gange om det buttar i meste laget.

Opplagde joggeløyper finn ein langs asfalterte vegar, men hardt underlag og trafikk i større eller mindre grad gjer at mange ser seg om etter andre alternative joggeløyper.  Nedanfor der det laga framlegg til nokre løyper med moderate stigningar, gjerne i ein kombinasjon mellom skogsvegar og stiar.  Framlegga kan sjølvsagt reverserast, kombinerast med andre utgangspunkt og så vidare. Bruk fantasien!

Desse løypene eignar seg også godt som familieturar og for eldre.

Bruk linkane nedanfor for å sjekka ut nokre framlegg.

Lia på Øvsta Sekse: Øvsta Sekse

Området Segelgjerd-Espeelva: Segelgjerd-Espe

Fresvik-Skjeldvik: Fresvik-Skjeldvik

Sekse-Øvre Børve: Sekse – Øvre Børve