Gapahuk på Grannabryggjo

Inntegna Gapahuk

Føyk har fått Kr. 40 000,- i støtte i frå Ullensvang Kommune til å byggja ein Gapahuk og ildstad i samband med denne på Grannabryggjo.

Føyk har bede IAG om hjelp til å utføra arbeidet med dette. Me hadde befaring på byggja i kveld. Me vart einige om utforming og har sett opp materialliste og vil gå til innkjøp av nødvendig materialer og utstyr. Me treng fagfolk til utføring. Når materialar er på plass vil me invitera til dugnad.

Ein stor takk til Føyk med leiar Bente Svoldal i spissen som er aktive og flinke til å skaffa midlar til desse flotte prosjektene som fremjar utvikling i krinsen vår.

Grannabryggjo

No er toppdekket ferdig lagt. Noko lite i sørenden gjenstår før bryggjo går inn i vinterdvale.

Plattingen er nesten klar

Til våren vil me ta opp att arbeidet. Då vert det lagt «skjørt» ut mot sjøen på alle kantar. Badetrapp er og under planlegging. Livbøye har me fått frå Sparebanken Vest. Denne må me få ein egna plass til. Vonar bryggja kan stå ferdig til badesesongen startar ca 1. mai

Familien Sjur E. Børve var sterkt representert i dag. Grethe inviterte på lappar og kaffi.

Erling trakterar sirkelsag og
finkappar

Jon Arne Sekse var på synfaring i lag med Erling Børve. Dei har teke på seg å byggja skjørtet til våren, med hjelp av oss ufaglærde

Sjur i gang med håndkapping

 

Bryggeplattingen snart ferdig

Dugnadsinnsatsen har vore stor. Så stor at det gjekk tomt for plank og skruer. Me får skylda på litt logistikk og leveringsproblemer.

Neumann leverer

På grunn av feilleveranse av Neumann i Odda stilte dei opp samme dagen med ny levering. Takk for god service !

 

Ny plank på plass

No er det klart for ny innsats. Plank og skruer på plass. Alle som vil ta eit tak er velkomne fyrstkomande tysdag kl 1700. Snart er me ferdig med trinn 1 som er å gjera ferdig dekket.

Så vert det bygging av » skjørt » som går frå bryggekanten og ned i sjøen. Deretter vert det kun utsmykking som gjenstår.

Føyk og IAG har løyvd ytterlegare 15000,- kvar. Då håpar me å vera i mål med bygging av sjølve kaien. Då får me eit areal på ca 200 m2 å boltra oss på.

 

Arbeidsvillig ungdom

Dugnaden fortset på bryggjo i Markastå

Platting sett frå sør

Platting sett frå nord. Her ser me Magne Kvalnes, Einar og Arne Guddal i arbeid

Golvleggingen er no halvveges !

Ungdomen har gjort sitt inntog og det er svært gledeleg. Dei står på og stiller med verktøy og utstyr. Mange har stilt opp mange gonger. Det er viktig for å føla litt eigarskap at flest mogeleg stiller opp. Unge og  eldre . Det er faste dugnader kvar Tysdag og Torsdag kl 1700

No er me nesten tomme for material og neste dugnad vert Tysdag 18. Juni. Kaien får eit totalareal på 200 m2, kledd med trykkimpregnert plank. Tusenvis av rustfrie skruer går med. No må me nok ut og prøva å få tak i meir pengar. Berre sjølve kaien nærmar seg no ein kostnad på 300 000 kroner. Så langt betalt av Føyk og IAG uten noko form for støtte utanifrå.

Me har all grunn til å vera stolte av alle dei som stiller opp på dugnad gong etter gong. Ta gjerne kontakt med Øyvind Andersen og Magne Kvalnes for spørsmål. Ellers er det berre å stilla opp med batteridrill, meterstokk og blyant ! Dei som ikkje kan delta med arbeid, still gjerne med kaffi og noko å bita i.

Helsing frå dugnadsgjengen

Dugnad på bryggjo vår

Dugnaden på bryggjo fortset framover kvar tysdag og torsdag  kl 1700 (bortsett frå helgedagar)

Ikkje alle har verken anledning eller helsa til å møta. Men dugnadsgjengen tek gjerne imot ein kaffikopp og noko å bita i .

I såfall tek dei gjerne ein pause ca 1830 ï morgo  ;

Bryggjedugnad
Bryggjedugnad

 

Vår nye arena

Bryggjo vår

Her inne i den lune Markaståvikje byrjar eit flott dugnadsprosjekt å ta form.

Mange har nok observert høg aktivitet her den siste tida. Kvar Tysdag og Torsdag har unge og eldre samla seg til dugnad. Føyk og IAG har gått saman om å byggja ein ny samlingsplass inni den flotte båthamna til Grannabryggjo. Observante auger har nok sett at antal båtar fortøyd her berre aukar. Folk som har hatt båt og folk som har gått til innkjøp av ny båt siglar inn til sin oppmålte plass. Litt stolte trur eg dei fleste er.

Me oppfordrar alle til å støtta desse prosjekta som gjer bygdene våre rikare,sterkare og bedre rusta for å møta framtida.

Ber alle om å støtta Føyk, IAG og Grannabryggjo ved å vera medlem i desse laga. Det er medlemspengane til laga som har gjort det mogeleg å få til desse felles bygdeprosjekta.

Det er ingen lette pengar som dett i hovudet vårt ute i bygdene, det me skal få til må me arbeida og betala for sjølve.

Til dei som har lyst og krefter til overs kan de ta kontakt med Øyvind Andersen . Me fortset dugnadane framover til me er ferdige. Kvar tysdag og Torsdag kveld.

Helsing dugnadskomiteen.

Grannabryggjo

Vår nye arena i Markaståvikje.

Markastå

På årsmøtet til IAG kom det fram at det var forvirring om  sammenhengen  mellom dei forskjellige prosjekter.

Ska prøva å utdjupa litt :

Grannabryggjo er ei medlemsforening der alle kan melda seg inn ved å betala ei medlemsavgift. Både dei som har båtplass og dei som berre er medlem, har same rettigheiter i foreningen. Blant anna utsetjing av båt frå betongslipp. Medlemsavgifta vert bestemt av årsmøtet.Formann er Bodil Svoldal og kasserar er Randi Selvåg Fresvik.

Så er det bryggja som er under bygging.  Då snakkar me om den delen der det står pålar  i sjøen.

Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Føyk og IAG. I fjor løyvde me i fellesskap 140 000 kroner til innkjøp av materialar. Arbeidet er på dugnad. Her begynte me i fjor å bitta pålane saman med stolpar mot land.

I år har IAG løyvd 25000 kroner og me reknar med at Føyk gjere det same. Dette skal gå til ferdigstilling av bryggja / kaien. Kaien får eit trykkimpregnert dekke og vert på ca 100 m2

Me vonar at dette skal verta ein ny samlingsplass for bygdefolket med tilknyting til badestranda

Det er og forvirring om Føyk og IAG sin rolle i Grannabryggjo.(båthamne) IAG er eigar av reguleringsplanen for heile området  i Grannabryggjo.  Rguleringsplanen er utarbeidd og betalt av IAG sine medlemmer. Dette representerar ein eigardel som IAG fortsatt har i Grannabryggjo.

I reguleringsplanen er det planlagt og inntegna eit tredelt bygg med plassering i inste del av steinpiren. Her planla Føyk å byggja eit kajakksenter, med innelagring av kajakkar og flytebryggja i sjøen nedanfor for ombordstigning i kajakkane.

I og med at det er eindel begrepsforvirring forslår eg no at me set i gang ein navnekonkuranse .

Kva skal «bygdebryggja» heita. Kom gjerne med navneforslag på Indre austsio grannalag si facebookside.

Vonar dette gjorde ting litt klarare.

Endeleg er ho på plass !

Grannabryggjo klar til bruk

Fyrste båten på plass

El lenge varsla brygge er no på plass. Utriggarar til fortøying av  båtane er montert. 35 båtplassar er selde og slik brygga står i dag kan ho romma 41 båtar.

På yttersida vert det pullertar til fortøying av gjestebåtar. Oppå bølgebrytaren som er på tilsaman 154 meter, vert det montert fleire søyler med led ljos på toppen og kvar søyle inneheld 4 straumtilkoblingar med målar. Dette vert til arbeid i båtane/varme ombord etc.

På land har me og lyst på opplyst parkering og uteplass. Me vil og bitta saman uteplass og badestrand.

Det skal og førast vatn ut. Slik at båtane kan vaskast og vanntankar fyllast. Det vert ofte snakka om «3-fot sykja». Båtane vert større og større.

Me har i lengra tid vore i kontakt med , og sendt innspel til  heradet om dei kan hjelpa oss med tilførsel av straum og vatn. Men interessa har vore laber. Me har rett og slett ikkje høyrt noko frå dei.

Men me skal klara oss sjølv og. Me pleier jo det !

Indre austsio har kosta dette flotte anlegget vårt sjølv. Den nye uteplassen vår vert bygd med midlar frå IAG og Føyk. Me har no gått til innkjøp av meir material og håpar på oppstart av meir dugnad og bygging ca Mars. Då kan det verta snorklypping før sommaren. (av ein lokal representant)

Båtbrygge og forsamlingsplass

Den nye båthavne i Markaståvikje

 

Eit nytt landemerke er på veg til Sekse

Bølgebrytere under slep

Sekse vert no ein ny attraksjon rikare. Grannabryggjo skal no endeleg få på plass si lenge etterlengta båthamn. Etter mange utsetjingar vert det no full fart framover. Bølgebrytaren me ser på biletet er 112 m lang og skal gå ifrå piren og nordover. Etter kvart kjem den siste på 40 m, som skal vinkla inn mot Grannatun.

No skal det monterast utliggjarar til båtane. Dette skal gjerast på dugnad av båteigarane. Det er hittil selt 35 plassar og det er i fyrste omgang plass til 40 plassar. Men dette kan aukast ved behov.

Havnesjefen

Gunnar Fresvik som er havnesjef i Grannabryggjo ser til at alt går rett for seg. Gunnar har gjort ein formidabel jobb og hatt kontakten med leverandøren og klargjort alt for mottak.