Stegastein

DSC_7899

Høgd Stigning Distanse Gradering Poeng Liatraven
830m 580m 2,9km Middels 15

Dei 2,9 kilometrane til Stegastein går i ganske lett terreng og på god sti.

Kartutsnitt Stegastein nyDen vanlege vegen (1) startar ved Øvre Børve, frå krysset ved postkassane og informasjonstavla. Ta utover vegen ca. 100m og ta opp etter å ha passert løa til Sjur Ø. Børve.

DSC_2951
Turbok-kasse på Stegastein

Første delen av turen går over innmarksbeite, så gjennom skog og plantefelt til ein kjem til Løyningstølen («stølen»).  For dei som ikkje har det travelt passar det her med ein liten rast ved tuftene. Her er ope og fint med utsikt. Vatn kan ein henta i bekken ca. 30m på innsida.

Vegen slyngar seg vidare oppover mot Stegastein og går gjennom open bjørkeskog. Framme på Stegastein kan dei spreke klatra opp på steinen og leita etter gropene på toppen. Det er spekulert i om dette er offergroper laga i gamal tid.

Via Orrasete (11)
Dryge 200 meter ovanfor Løyningstølen kan ein ta ein liten avstikkar til Orrasete (11).

DSC_7875

Dette er eit vakkert utsiktspunkt. Vegen går vidare opp bak uthuset og svingar etter ei lita stund inn att til hovudstigen.

Børve-Tveite-Truberg-Stegastein (12)
Dette er buførevegen for dei inste gardane på Øvre Børve til fjells.

Tveiti med vårstølane

Stien mellom Øvre Børve og Tveiti er tydeleg. Ovanfor Tveiti kan det vera litt vanskelegare, bruk då gjerne GPX sporet (12). Oppe ved Truberg må ein kryssa eit gjerde. Ver forsiktig og ikkje trø det ned. Etter dette blir sporet tydelegare att.

Går ein motsett veg kan stien oppe ved Stegastein vera litt vanskeleg å finna. Bruk kart og GPX spor.

Børve-Tveite-Løyningstølen (13)
Denne vegen er kanskje enklast å gå fyrste gongen under ein retur frå Stegastein. Ta til venstre (innover) om lag  30-35 m ovanfor tuftene på Løyningstølen. Gå innover dryge 100 meter til ein bekk. Etter kryssing av bekken  blir stien tydelegare og går slakt nedover til Tveiti som er ope beitemark med gamle stølshus.