Galden

Kartutsnitt Galden og Hovden

Høgd Stigning Distanse Gradering Poeng Liatraven
460m 360m 1,3km Middels 8

Galden på kote 460 er den lågaste posten i liatraven. Den er den mest besøkte av Liatravenpostane.

Mange alternative vegar fører til Galden. Ein vanleg veg (2) er å starta frå bygdavegen på Sekse, ved det raude stålbygget. Følg traktorvegen opp til høgre, gjennom ein port i hjortagjerdet og vidare langs traktorvegen opp til ein granskog. Her tek stien opp til høgre og  går vidare opp til Gullingshaug. Der passerer ein til høgre for tufta til eit gamalt uthus og følgjer stien vidare oppover til Heggjeflot. Ovanfor Heggeflot klatrar ein over ei gjerdetrapp og går vidare oppover til Galden.

Sekselia er relativt lettgått og det er råd å finna mange alternative turar. Nokre forslag er gjeve nedanfor.

Mjøstøl – Heggjeflot (23)

Dette alternativet startar/stoppar på Øvsta Sekse. Same ruta som til Hovden oppover langs traktovegen, opp til eit uthus ved Mjøstøl. Ta her utover lia til Heggjeflot og følg så den vanlege ruta (2) til Galden

Via Slåtto (21) Den turen har same utgangspunkt som standardturen ovanfor. Gå til venstre ved stålhallen og følg vegen oppover til Slåtto. Følg vegen vidare gjennom ei grind i hjortagjerdet og om lag 250m vidare langs traktorvegen. Ein er då ved ein topp på vegen. Ta her stien vidare opp til høgre og følg denne til Galden.

Nautabakkane (25) Frå Galden kan ein følgja stien ca. 150m vidare oppover mot Gamlestøl. Ta så ned til venstre og følg denne vegen over Vetlaelvi og bort til ein sti som kjem ned frå Gamlestøl. Følg denne stien nedover til bygda att, sjå skildringa av vegen frå Gamlestøl.

Gamlestøl Frå Galden kan ein følgja stien vidare oppover mot Gamlestøl. Rett før Gamlestøl kryssar ein Vetlaelvi. På Gamlestøl finn ein også ei privat turbok som interesserte kan skriva seg inn i. Frå Gamlestøl kan ein så følgja ein buføreveg nedover (24), gjennom ei grind og inn på eit ope beiteområde. Her finn ein litt lenger nede på venstre side ei grind som fører inn til traktorvegen og følgjer denne tilbake til utgangspunktet på Sekse. Alternativt kan ein fortsetja nedover beitet til ein kjem til eit tverrgjerde. Der kan ein gå over eit trappegrind og vidare nedover til ungdomshuset på Sekse. Eller ein kan ta til venstre ved tverrgjerdet og følgja vegen tilbake til utgangspunktet på Sekse.

Ein kan også ta til høgre, kryssa Storelvi over brua til Føyk IL, og halda fram bortover hagane til Børve (83,84) eller ned til Sandstå/Stor.