Hjartestartar

Ny hjartestartar er montert på austveggen av Grannatun, ved sceneinngangen.

Hjartestartar montert

Ved bruk løysnar ein sikringspinnen i botnen og tek den ut. Dekselet på utsida kan me fjerna ved å ta tak i dekselet og skru i den retning pile visar.

Skru i pile si retning for å demontera

Når dekselet heng ned kan hjartestartar takast ut og er klar for bruk. Hjartestartaren er sjølvforklarande og ein får beskjed rekkefølgen når det gjeld bruk.

Demontering deksel for bruk

Hjartestartaren er ei gåve frå Sparebanken vest. Deksel og montering er betalt av IAG

Me vil prøva å få i gang eit kurs i bruk. Blant andre har bygdekvinnelaget kontakta oss om dette. IAG sin nye leiar vil ta tak i dette i samarbeid med andre lag.

Inntil kurs kjem i gang anbefalar eg dei som vil å gå ned og ta ein nærmare kikk på installasjonen. Ved akutt trong for bruk må den sjølvsagt takast i bruk. Den kan redda liv.

Marknad i Grannatun

Sundag 17.november 2019 – kl 15.00 – 18.00

  • Flotte gevinsar
  • Sal av mat og drikke

I god gamal tradisjon kjem me rundt og samlar inn gevinstar og sel lodd onsdag 13. eller torsdag 14.november. 

Om de ikkje er heime kan de eventuelt leggje gevinsen ut ved inngangsdøra.

Om du vil gje ei pengegåve til Grannatun, kan de nytta vipps nr 139467 eller kontooverføring til 3450 35 17479.

Støtt opp om det flotte grendahuset vårt! 

Møt opp for ei triveleg samkome og drøs med grannen!

Velkomne 🙂

Helsing Marknadskomiteen

Bente Svoldal og Jon Sekse, Elden Karin og Jan Harald Alpen, Olav Eirik Børve og Eva Birken, Jon Arne Sekse og Bjørg Opedal Hove, Eirik Børve og Hildegunn Birkeland, Halvard Eriksen og Jorunn Augestad, Elin og Sven Johannes Røynstrand (ved spørsmål kan de kontakte Bente på tlf. 91859388) 

Eldrebølgje på Sekse

Torsdag 11. oktober invaderte dei godt vaksne frå heile  austsida av Ullensvang – «Grannatun» på Sekse.   Børve, Sekse, Espe eldrelag hadde invitert dei to andre laga – Lofthus pensjonistlag og Kinsarvik pesjonistlag til kulturell og koseleg samkome.

Hovudtrekkplasteret var Magne Velure (biletet), som fortalde om, og las frå boka «Kvardagsord» og andre tekstar frå bloggens hans «Jakobs bok».

 

 

Her ynskjer leiar, Jon Arne Meland velkomne til dei rundt 70-80 frammøtte. Han er flankert av gamaldansgruppa «Siste utveg», som slett ikkje lever opp til namnet sitt. Tvert imot. Frå venstre ser me Alf Hunnålvatn, Ottar Sekse, Harald Opedal, Sjur Oppedal og Egil Urheim.

Fleire av dei frammøtte nytta høvet til å krydra stunda med gode stubbar og helsingar.

Leif Harald Ystanes var ein av dei.

Leiar i Kinsarvik pensjonistlag, Kjell Husebø, ein annan.

Salen i ungdomshuset på Sekse, er ei vakker råme kring samlinga. Ikkje minst måleria og teikningane til Kari Vivelid.

Her ventar ein på maten. 

Det kribla i ein del danseføter når gladgutane frå Ringøy, Kinsarvik og Stronde sleppte seg laus.

Det vanka både mat, kaffi og kake. Og til slutt var det åresal.

 

50.000 på marknaden

Nesten 50.000 kroner kom det inn på marknaden i Grannatun sundag den 14. januar.

Leif Harald Ystanes måtte sjå høgt etter eine gevinsten sin.
Leif Harald Ystanes måtte sjå høgt etter eine gevinsten sin.

Det er Jorunn Børve som opplyser dette.

Etter at alt var talt opp – alt som var vippsa eller betalt direkte under loddsal og på bok og i form av gevinstar var overskotet på 49.096 kroner.

Kjempekjekt var det og god stemning med mykje folk.

Me legg ved ein del glimt til.

God stmening og mykje folk.
God stemning og mykje folk.

Jorunn Børve inn ut kven som har vunne på bok. Jan Sandven står klar med gevinsten.
Jorunn Børve inn ut kven som har vunne på bok. Jan Sandven står klar med gevinsten.

Kunstne til Kaari Vivelid prydar salen i Grannatun. Ei fantastisk fin ramme same kva arrangement som er her.
Kunstne til Kari Vivelid prydar salen i Grannatun. Ei fantastisk fin råme same kva arrangement som er her.

Marknadskomitéen takkar alle som bidrog.

 

Gevinstinnsamling til marknaden

 

Grannatun skal ha sin årlege marknad sundag 14. januar frå klokka 15.00.

På marknaden skal vi ha åresal og loddsal. Dette er ein lang tradisjon og ei av dei viktigaste samkomene i bygda. Det er og viktig for å ha nok inntekter til drift og vedlikehald av det dugnadsbaserte grendahuset vårt.

Men me er då avhengig av å få inn gevinstar og gåver til åresal/loddsal frå krinsen, og håpar du vil vere med å støtte oss med ein gevinst, gåvekort eller eventuelt pengegåve?

Grannatun 2

Me vil kome rundt og ha gevinstinnsamling:

PÅ ETTERMIDDAGEN TYSDAG 9.JANUAR 2018

Om du ikkje veit kva du vil gje som gevinst kan pengegåve vere ein god ide. Då kan du til dømes gje 100 kr, så kan komiteen samle inn og kjøpe ein større gevinst.

Dykk kan til dømes overføre dette til Grannatun sin Vipps.  Vipps-nummeret er: 139467 og hugs å markere med «Til gevinst til marknaden».

Alle bidrag er av interesse!

På førehand hjarteleg takk,

beste helsing marknadskomiteen

Bilde1

Grannaveitla 2018

 

       Velkomen til GRANNAVEITLA i Grannatun på Sekse

     Laurdag 10.februar 2018bilde 1

            Dørene opnar 19:30

Underhaldning med brødrane Onarheim

Tradisjonell meny med røykjekjøt og ertesup

Kjetil Vestli spelar opp til dans

Høve til å kjøpe øl og vin m/meir

Pris kr. 400

Finn fram finstasen og treff gode grannar!

Grannaveitla i år som tidlegare vert med mat og drikke, me må av den grunn ha påmelding innan 1.februar til:

Arne Sandstå mob: 91766503 (SMS eller ring)

Tale Hauso, mob: 97041016 (facebook eller SMS)

 Påmelding er bindande!

TA TUREN TIL GRANNATUN DENNE LAURDAGEN – VEL MØTT!

Helsing frå oss i Komiteen 🙂