Espe grendahus

Espe Grannalag

Espe Grendahus

Espe grendahus vart oppført i 1930.
Vi feira 70 års jubileum i år 2000.
Huset er ein samlingsstad for bygda.
Vi ønskjer å ha ei levande bygd.

Vi satsar på å ha :
– Grannaveitle annakvart år – ca 2. veka i mars
– Haustfest i siste halvdel av oktober
– Smalahovefest i siste halvdel av november og
– Joledans 26. desember kvart år.
– Eit par bygdekveldar/pub kvart halvår

Vi har hatt fiskefestivalar, påske- og julebingo, kafé, marknader, Espefestival, kunstutstilling, bakedagar, diverse kurs, pub, fellesturar osv.
Huset leiger ut lokale og vert brukt til møte, konfirmasjon og andre merkedagar.
Vi har opparbeidd eit lite uteområde med bord, stolar og rekkverk rundt.
Spisesalen er blitt malt kvit og den er blitt lys og fin.
Kjøkenet er restaurert. Det er lite som manglar før alt er på plass.
Vedlikehaldsarbeid vert gjort på dugnad. Fagfolk vert leigd inn når dette er naudsynt.