Gapahuken er ferdig!

Gapahuken er ferdig og klar for bruk til sommarsesongen. Takk til alle som har deltatt på dugnad!

Jan, Johan, Magne og Åsmund i fullt driv.

Gapahuken tar form.

Kirsten og Valborg vart opp med vafler og kaffi til dugnadsfolket.

Program for bygdafesten

Program for bygdafesten:

19:00 – Dørene opnar! 

20:00 – Standup med Roar Brekke. Skal du ha med deg standup showet må du møta seinast klokka 20:00, då vert dørene til salen lukka fram til showet er ferdig! 

21:00 – Matsalet opnar, Espe Grannalag står for maten. Dei sel hamburgerar utover kvelden og nattetimane. 

22:00 – E-76 spelar 

Spre informasjonen vidare!

Vel møtt!  

OBS ! ikkje gå på taket

Arbeidet med gapahuken held fram. Fekk melding om at det var ungar på det nylagde papptaket. Pappen vert ødelagt visst me går han den i denne solsteiken.

Etter kvart skal me setja opp gjerde for å hindra dette. Oppfordrar alle vaksne å passa på, og forklara at dette ikkje er greit 🥺

OBS. Pass på taket vårt.

Ellers er dugnadsgjengen vår i gang att. No er råbygget klart og tett. I neste runde skal det leggjast tretak på toppen. Så må me sjå kva folk har lyst å ha innvendig. Me er åpne for idear og innspel. Ta gjerne kontakt med oss i IAG og Føyk 😊

Jan sandven, Magne Sandstå, Johan Sandven og Åsmund Sekse
Same gjengen med ein liten hjelpar. Arne Sandven som gjer ein kjempejobb !
Tett tak. Hurra 😊