Hovland

 

Hovland ligg vakkert til på strandbreidda mellom Sekse og Kvalnes.

Hovland, (gno Hofland), samansett av Hof(gudehus) og land er eit namn ein finn fleire stader i landet . Det tyder ikkje at det har stade eit hov her, men at det er jord som er lagt til eit hov. På Hovland starta eit industrieventyr som skulle vara i over 100 år.

 Per Aga var fødd i 1853 og yngste son til lensmann Lars Aga. Lars Aga kjøpte i 1838 gard på Einarhaug på Hovland der han busette seg. Han var lensmann i 51 år. Lensmannskontoret står endå i gardstunet og «arresten» nede ved sjøen står og. Per utdanna seg på «Trondhjems Tekniske Skole» som var den høgaste tekniske læreanstalt på den tida.

Brita og Per L. Aga
Brita og Per L. Aga

Etter endt utdanning arbeidde han ei stutt tid som vegingeniør på Jæren . Her fekk han innblikk i ullvarefabrikken som nyleg var starta på Ålgård. Tanken slo han at dette måtte gå an å få til i hardanger og. På Hovland var både kraft og tilgang på industritufter.

Saman med broren Johannes starta dei i 1853 firmaet Johs. L. Aga & Co og bygde Hovland Uldvarefabrikk. Den var lenge den einaste industriverksemda i sørfjorden. I 1895 var det 45 tilsette, dei fleste kvinner. Mange av dei var knytt til fabrikken mest heile sitt arbeidsliv. Ingeniør Aga var den fyrste i Hardanger som hadde auga for vasskraftverdiane og han kjøpte opp vassrettar i Skjeggedal, Kinsarvik og andre stader. Den vinsten han hadde i vassrettane la han ned i fabrikken.

Under depresjonen etter fyrste verdskrigen stoppa verksemda opp, men vart i 1930 overteken av L/L Hovland Ullvarefabrikk som sette han i gang att, på det meste var her over 100 tilsette. Fabrikkeigar Aga døydde i 1940. Ullvarefabrikken vart nedlagt i 1989 og i dei gamle bygningane oppstod Hardanger bryggeri. I dag er det Isklar som produserar flaskevatn i nybygde og restaurerte bygg. Vatnet vert frakta i røyr frå Hardangerkjelda på Reisæter under Folgefonna og fylgjer sjøbotnen over til fabrikken på Hovland.

På Hovland var det i mange år både butikk , kafe, bibliotek og postkontor.  På Segelgjerd dreiv Svein Midtbø campingplass og gardsmuseum. No er alt dette historie.

Hovland har likevel utvikla seg til eit moderne «sentrum» med byggefelt av nyare dato på Segelgjerd og opprusting i sentrum.

Hovland Ullvarefabrikk
Gamle Hovland Uldvarefabrikk
Arbeidarbustader Hovland før 1914
Arbeidarbustader Hovland før 1914