Aktuelt

Stor interesse for båtplass i Markastå

29.10.2015

Tegning båtplass

Av 25 frammøttet, skreiv 20 avtale med det nystifta laget «Grannabryggjo» om leige av båtplass i den planlagde småbåthamna i Markastå.

Av Johannes H. Sekse

Onsdag (28. oktober 2015) vart det halde omframt årsmøte i Grannabryggjo i Grannatun på Sekse. Styreleiar Siv Hamstad Haukelidsæter orienterte om kva som er gjort og kva som står att.
Laget er stifta, reguleringsplanen er ferdig og fyllingsløyve og finansieringsplan er på plass. Det er utarbeidd kostnadsoverslag over eit anlegg med 20 og eit med 40 båtplasssar. Fyrstnemnde alternativ vil koma på vel 2.1 millionar kroner, det andre på rundt 3,3.
Møtet vedtok at ein båtplass skal 40 000 kroner. Noko som er langt billegare enn mange andre stader. Dei som teiknar seg for plass, skal betala to forskot på 5000 kroner kvar og sluttsummen på 30 000 kroner når ein er komne så langt at ein skal ta opp lån.
Årsmøtet gav styret fullmakt til å ta opp lån. Det vart også vedteke at laget skal kjøpa tomta.
Medlemsskapen er open for alle – med eller utan båt. Men dei som ynskjer leiga båtplass, må altså betala ein eingongssum og eit depositum.

I tillegg til å vera ei småbåthamn, skal nemleg området vera ope til rekreasjon og nytte for alle, både fastbuande og tilreisande. Målet er også å opparbeida ei strand, ein samlingsplass med benkar og høve for å grilla, toalett. I planane ligg også eit framtidig klubbhus og sjøsportsenter.
Det er elles lagt opp til ein god porsjon med dugnadsinnsats.