Strandrydding Indre Austsio

5. mai er nasjonal strandryddedag.

Som me har sett i fleire TV programmer seinare tid flyt det av bos og plast i sjø og på strender.Plasten tek livet av tusenvis av fuglar og pattedyr. Lat oss gjera vår skjerv til å rydda opp på strendene våre.

IAG har fått spørsmål om me vil organisera ein ryddedugnad. Og det vil me sjølvsagt vera med på.

Me treng mange frivillige  for å få gjort jobben. Ryddeområdet vårt vert frå Deildo til Skjeldås. Fleire detaljer vil koma, bl.a. kor de kan melda dykk på.

 

 

 

 

IAG nettside oppe og går att etter virus

Virusangrep på sida vår

indre Austsio Grannalag si nettside er no oppe og går att etter at den har vore nede. Leverandøren vår One.com har stengt ned sida p.g.a. at den har vore infisert av virus, spam o.s.v.

Petter Sexe Ulriksen har gjort ein kjempejobb og fått ho opp å gå igjen. Alle som har  rettigheiter til å leggja inn stoff på sida må sørga for at deira PC er virusbeskytta.

Da kjeme seg!

No byrjar ein å ana korleis det vil verta sjåande ut på den framtidige samlingsplassen i grenda.

Grannabryggjo tek form 1
Grannabryggjo tek form. Oppfylling og muring er i full gang. 

Det er berre å ta hattane av for det formidable dugnadsarbeidet som er lagt ned for å få til småbåthmn og alt det andre som er tenkt inn her når «Grannabryggjo» er ferdig.

Det har vore lite og ikkje drahjelp utanfrå. Alt – frå reguleringsplan til ferdig anlegg – er så godt som sjølvgjort.

bry1

Oppfylling mellom moloen og rasteplassen i bakgrunnen, er i full gang.

 

Grannabryggjo tek form

Luftfoto av Espen Bukve
Grannabryggjo. Luftfoto av Espen Bukve

På årsmøtet til Grannabryggjo i Grannatun 8. mars skal me ta stilling til framdrifta i anlegget. Styret har arbeidd med 3 leverandørar av bryggjer og har landa på Marinegruppen på Tysnes. I bassenget der bølgedempar skal liggja er det lagt ut ei kanne. Bølgedemparen på 112 meter skal gå frå piren og ut til denne kanna, derifrå vert det ein arm på 40 meter vinkelrett mot land.

Det er seld ca 35 plassar hittil. Anlegget er dimensjonert for 50 plassar. Her er det berre å melda seg på mens det er ledige plassar.

Midt på biletet er det pæla i sjøen. Dette er starten på eit flott bygdeprosjekt i regi av Føyk og Indre Austsio Grannalag. Desse to laga har løyvd kr 70 000 kvar. Ytterst  over sjøen der pælane står vert det ein trekai på ca 50 m2 og innanfor den vert det eit tilsvarande landområde. Her skal det murast og byggjast. Me vil binda saman dette området med badestranda. Me vil etterkvart samla bygde til dugnad slik at så mange som mogeleg kan føla eigarskap til denne nye samlingsplassen . Benkar , grill etc vil få sin naturlege plass.

Sensasjon over Sekse

 

Drosjen til Evald Jåstad på veg over ØvsaSekse. Filmen er god reklame både for bilen og området her me bur. Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe.
350 «hestar» og nokre sauer. Drosjen til Evald Jåstad på veg over ØvstaSekse. 
Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe.

Den heilt spesielle og eineståande drosjen vart reklamefilma då han broomma seg over Sekse i fjor haust. Filmen vart lansert sist veke, og er minst like god reklame for Hardanger som for Ford.

Tekst: Johannes H. SekseFoto: Falkeblikk AS/Ford of Europe.

«Bånn gass! Bånn gass! Bånn gass!» seier treåringen som sit fastspent i baksetet på veg til barnehagen. Det er ikkje alle som har ein far som eig ein så spesiell drosje.

Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe
Her har RS-drosjen passert Hovland. Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe

Etter at Ford of Europe oppdaga bilen på Facebook, tok dei kontakt og sende deretter eit filmteam for å laga reklamefilm. Mykje av filmen er teken i nærområdet vårt – mellom Hovland og Sandstå.

Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe
Her brommar han seg oppover mot Haugen. Hovland og Kvalnes i bakgrunnen. Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe.

I ein reportasje i Hardanger Folkeblad (som hjul-fylgde fototeamet ein dag i fjor haust) fortel eigaren av «Det blå’a lynet» – Evald Jåstad (37) – at han alltid har vore interessert i rallysport. Då han fann ut at dei også laga denne bilen med fem dørar og god plass, slo han til.

Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe
….før vegen flatar ut og går nedover att mot Sandstå. Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe

Bilen: Ein Ford Focus RS med 2,3 liters motor, akselerasjon frå 0 til 100 på 4,7 sek og 350 hk – slo han til.  Dermed var han og eigar av den aller fyrste RS-drosjen i verda. I dag finst det to til – ein i Grimstad og ein i Rotterdam.

Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe
Her brommar han nesten ikkje. Sauene bryr seg lite. Foto: Falkeblikk AS/Ford of Europe.

Evald har mange nøgde kundar, frå hans eigen treåring  via utanlandske ungdomar på ferie, til ei Oddadame på 95. Ho spør alltid etter RS-taxien når ho har handla.

Artikkelen i HF kan du lesa her: file:///C:/Users/Asus/Desktop/2018-01-29_Hardanger_Folkeblad_-_29-01-2018_print.pdf