Føyk historia

Brotstykke av Føykhistoria

25.10.2015                                                                                                                 Vatnaseterskåle Vatnaseteskåle Vatnasetskåle

Dette stykket vart skrive av Bjarne E. Børve til 30 års-festen til Il Harding i 2000. Etter ynskje frå han, vart det framført av festleiar Johannes
H. Sekse. Sistnemnde har no skrive av kopien av stykket, sidan det ikkje finst
digitalt. Han har lagt til mellomtitlar, elles er innhaldet identisk med
originalen. Og me har fått lov å bruka det på heimesida til Indre Austsio
Grannalag.

Med helsing
Johannes H. Sekse

Underteikna har teke bilete av Vatnaseteskåla og lagt ut stoffet. Skåla heng no på møterommet på Sekse skule.
På framsida finn ein innskrifta:
«Vit i panna – mot i bringa – stål i bein og armar – slike gjentor det vil gamle Noreg ha»
På baksida finn ein innskrifta:
Vatnaset-skåli
Gåva frå M.O.B
Vandre premi uppsett 1945

Med helsing
Geir Olav Guddal
*******************************

Historienotat av Bjarne E. Børve

I januar 1940 tok ein gjeng med 16 spreke karar til med gymnastikk og turning i Grannatun på Sekse. Frå før var det alt eit skilag i bygda, som hadde vore i sving i fleire år. Den 18. april 1941 vart skilaget og «turnlaget» slege saman til «Føyk idrott og turnlag for Sekse- og Børvegrendi» som det står i referatboka.
Føremålsparagrafen var som fylgjer: «Laget hev til fyremål gjennom kroppskultur å styrkja helsa og godt kameratskap».
Kassadagboka for Føyk byrja i desember 1940. Så dersom ein seier at Føyk starta omlag i 1940 og Harding i 1970, er Føyk for siste og fyrste gong dobbelt så gammal som Harding i år 2000.

Vatnasete-rennet

I rekneskapen frå 1940 les ein at medlemskapspengane var kr. 1. Fyrste formann var Andreas Andersen. I -41 og -42 var det full aktivitet i laget, med turn og gymnastikk to kveldar i veka. Ikkje var dei sytne i dei dagar, for om vinteren i -41 skipa laget til to skirenn oppe på egga (Vatnasete-rennet) med totalt 41 deltakarar. Frå 1942 – 1945 ser det ut som krigen tok kvelartak på lagsaktiviteten, men i 1945 var det full fart att.

I -46 vart det helde medlemsfest i Grannatun. Utdrag frå møteboka: «Det var bestemt av styret å slutta kl. 4, og det vart yverhelde. Mange var misnøgde med at det skulle sluttast kl. 4, men styret var samde om at det var berre ein uvane å halda på med festane til middag dagen etter, og var ikkje til å rikka. Stort sett vart festen bra avvikla.»
Les me litt mellom linjene her, så ser det ut til at dei ikkje var heilt uskuldige i gamle dagar heller.

Gullalder

Frå 1945 og til tidleg på 50-talet, ser det ut som Føyk har hatt ein gullalder med store aktivitet. Det vart skipa mange tevlingar med blant anna slalåmrenn på Sekse, skirenn oppe på fjellet, stafettar og friidrettstevlingar. Utøvarar frå Føyk var med på stemne rundt omkring i Hardanger og føykingane hevda seg bra.

Elles brukte Føyk i denne perioden mykje krefter på å få til ei badstove i ungdomshuset. Men byråkratiet i heradet var då som no, ikkje så enkelt å hanskast med. Laget fekk avslag på tilskot til badstova p.g.a. manglande samla idrettsplan for heradet. Seinare vart badstova oppgjeven.

«Giddar ikkje gå opp lia»

Men ikkje alle var fornøgde med tida si utvikling. Utdrag frå møteboka i 1949: «Heile tre gonger var me til fjells for å laga løypo og hadde mykje arbeid med å skipa det til, men det synte seg så og seia ingen deltaking.. Veret var også litt grute. Elles er det vorte på moten å bila antan til Eidfjord eller til Seljestad. Dei «giddar» ikkje gå opp lia. Går ein lia opp ein to-tri gonger så fær ein slik trening at ein merkar ho mest ikkje, og når skal nedatt har ein den finaste utforkøyring ein kan tenkja seg, i staden for å sitja halvsjuk av eksosen i ein bil».
Ser me på resultata dei oppnådde i denne perioden, er dei ikkje til å kimsa av. Av klubbrekordar i 1950 kan nemnast: 100 m – 11,6, høgde – 1,66, lengde – 5,96. Frå tidleg på 50-talet og fram til -64/-65 var Føyk inne i ein djup «tornerose-søvn».

Gjorde reint bord

Men i 1964 tok Kjell Bjørn Andersen og Birger Hjeltnes tak i lagsarbeidet att og i januar 1965 var laget på nytt på fote med nytt styre. Likevel var det fyrst i 1969 det vart skikkeleg fart i sakene, med han som held styr på oss i kveld (Johannes Sekse) som primus motor.
I 1969 -70 gjorde føykingane stort sett reint bord i tevlingane i heradet. Ja, me var så bra at han som har skrive dette, fekk telefon frå sjølvaste redaktør Madssen i Folkabladet. Han ville ha bakgrunnstoff til ein artikkel om dette fantastiske idrettslaget frå fjorden.
Det var stor stas.
Elles vert det hugsa at Johannes kjøpte inn singlettar og sydde på farga kantband. Dermed fekk me oss det finaste tevlingsantrekk.

Stor usemje om samanslåing

I desember 1969 var tanken om eit felles Ullensvang idrettslag komen opp. Utdrag frå møteboka: «Det var stor usemje blant Føyk-medlemmene om dei skulle gå inn i dette storlaget. Sume meinte at laget kunne driva like godt, og vera med på like mange stemne om me ikkje var tilslutta storlaget.
I Grannatun den 20.12.69 vart det halde avstemming om Føyk skulle gå inn i storlaget. Fem stemde for og fem mot. Formannen avgjorde med dobbelstemma si. Han meinte det var betre å stå i storlaget eitt år og sjå korleis det ville utarta seg, enn å koma inn eitt år etterpå.» I ettertid har ikkje utmelding or Harding vore diskusjonstema i Føyk. Frå 1970 og fram til i dag har Føyk vore svært oppegåande. Denne bolken heng tett saman med Harding si historie.

Tillitsvald i 60 år

Men når noko skal seiast om Føyk, kjem ein ikkje utanom Torkjell Sekse. Han betalte sine fyrste medlemspengar på kroner 1 i 1940, og han vart vald til kasserar i det fyrste styret i Føyk. I dag i år 2000 har han framleis verv både i Harding og i Føyk. Tillitsvald i ein periode på 60 år. Dessutan er han framleis aktiv idrettsutøvar. Slå den!!

                                                                           Torstein, Brita ogTorkjell

Så nokre tankar til slutt. Det er mange som meiner at «Harding-systemet» er svært tungrodd med altfor mange tillitsvalde. Men eg ser det slik at denne modellen har fungert godt i dei 30 åra Harding har eksistert, Lokallaga tek seg av grunntrening/trimaktivitetar og hovudlaget tek seg av den meir konkurranseretta delen. Eg er redd at utan Harding, hadde det ikkje vore den same aktiviteten innan til dømes fotball og friidrett.
Harding har trass alt halde ein jamn aktivitet desse 30 åra. Jamfør med andre lag. Eg vil til og med påstå at enkelte av lokallaga ville ha sove «tornerosesøvn» i denne perioden utan Harding-paraplyen.

Lukka til med jubileet, festen og ikkje minst arbeidet framover i Harding!!!

Bjarne E. Børve

Kommentarfelt:

Sykkelgruppa til Føyk

31.01.2015

Våren 1988 vart det skipa ei sykkelgruppa i Føyk. Initiativtakarar var Einar Midtbø og Torstein Herstad. På det meste var ein 14-15 aktive medlemmer. Det vart arrangert fellestreningar i gamelskulen på Espe eit par kveldar i veka.

Vedlagd reportasje er henta frå Hardanger Folkeblad tidleg i denne perioden:

«HF 9. januar 1989, Johs H. Sekse

                                                    Brita ogTorstein

I fjor starta IL Føyk eiga sykkelgruppe. Målet for året er i tillegg å vera med på Odda –Bø. Neste år er det Trondheim-Oslo som står på lista. Og kven veit? Kanskje blinkar «Tour de France» inni framtida ein gong. I alle fall spøkjer han med det, trenaren Torstein Herstad idet han dreg ned det gamle Europakartet som heng i treningslokala i gamleskulen på Espe.

Han hadde nok undrast noko, gamlelæraren Jon Bleie, om han hadde sett kva som rørde seg i skulebygget på Espe. Mellom kart og bilete frå fridomsdagane i 1945, silar sveitten frå kjempande syklistar som har sett store mål. Sykkelgruppa i Føyk er ikkje gammal, men ho er i full aktivitet.

SYKLA TIL JOBBEN                                                                EinarMidtbø
Fyrste treningsturen hadde sykkelgruppa i Føyk den 25. mai i fjor. Då trakka dei seg ein tur frå Sekse til Texaco på Lofthus.
Men ideen grodde fram noko tidlegare. I april byrja Einar Midtbø å sykla på arbeid. Det er godt 15km mellom Segelgjerd og Tyssedal, og det gav rikeleg tid til å tenkja. Sykling er ein fin måte å trena på. Fleire burde motiverast, tenkte han. Ideen om ei eiga gruppe i laget, vart lufta på eit styremøte. Deretter hadde dei ei møte med Einar Andersen, tidlegare trenar i Odda Sykkelklubb og Johnny Vikne. Sykkelgruppa var eit faktum.

4 AKTIVE
Alt fjorårssesongen var fire av dei med i fleire turrenn. Det var Torstein Herstad, Tore Sandstå, Jan Helge Meland og Einar Midtbø. Dei var med på Skåneavikstranda rundt (6 mil), Haugesund – Odda (14 mil) og «Seksvatna-runden» på Voss (9 mil og ei ferist – NB!) Treningane vart elles lagt opp med ein fellestur i veka til Kinsarvik/Ringøy.
Tidleg i fjor haust byrja dei på innetrening på Espe. Torstein Herstad leier treningane, som inneheld både joggeturar, styrktrening og sykling i stativ. Laget har smukka til med fire stativ, så tilbodet skulle vera upåklageleg.

                                                                                        Føyk i HF

NYE MÅL
I år vil me utvida med Bergen – Voss på 17 mil og Odda – Bø med 22,2, seier Torstein Herstad og Einar Midtbø som er oppmann. Men me har også lengre mål. Neste år står Trondheim – Oslo for tur. Det er ein avstand på 54 mil, og ein veit aldri, legg Herstad til. –«Tour de France», byrjar ikkje det løpet i Toulouse» Undrast han idet han dreg ned det gamle Europkartet.
Litt meir alvorlege vert dei når dei snakkar om kostnad. Det er dyrt å koma i gang. Rundt 4.000 kroner for sykkelen, ein del klede og utstyr. –Men, du og du kor fin from for trim det er, for alle aldrar, seier dei. Av tryggleiksgrunnar er det nedre grense for å delta i løp 14 år. Difor er det naturleg med ei grense også for dei som er med i gruppa. Men oppover? Der er det ingen grenser.

                                                                                             Brita Gjerde i HF

«HF Slutt…..»

Brita Gjerde Tyssebotn har vore så gild og låna oss nokre andre avisutklypp og bilete frå denne tida, sjå samlinga til høgre og vedlegga under. Brita hevda seg svært godt den tida ho var aktiv.

Har tidlegare medlemmer i sykkelgruppa historiar, bilete eller anna som supplerer det ovanforståande? Send i så fall ein e-post til foykil@gmail.com eller kontakt underteikna.

Hovland 2015-02-01
Geir Olav Guddal