Om Føyk

Føyk logoFøyk IL i Ullensvang herad vart skipa 18. april 1941. Laget organiserer idrettsaktivitetar for bygdene Fresvik i sør til Børve i nord. Medlemstalet i 2016 er ca. 170.

Hovudfokus er folkehelse, breidde- og lågterskeltilbod til alle aldersgrupper. Me er aktive brukarar av gymnastikksalen på Sekse barnehage. Der vert det arrangert allsidige treningar for alle aldersgrupper. I sommarhalvåret nyttar me uteområdet til barnehagen til løpskarusell, idrettsmerketaking og treninger. I vinterhalvåret lager me skøyteis så snart dei blå gradene viser seg på termometeret.

Bru over Storelvi
Bru over Storelvi

Me arrangerer også turar og Liatraven, sjå eigne menypunkt. Laget arbeider aktivt med å leggje til rette for turar i nærmiljøet.

Biletet viser brua Føyk fekk bygd over Storelva i 2013.

Fotballaktivitetane  blir organisert av IL Harding, sjå www.ilharding.no.

Føyk IL har òg samarbeid med Tyssedal IL idrettslag og brukar aktivitetar der som turn som del av idrettskulen for borna våre. Me leiger også Tyssohallen til ulike tilstellinga.

Føyk er registrert i frivilligheitsregisteret og kan motta ein del av grasrotandelen. Sjå meir på www.idrett.no. Me oppfordrar alle som spelar eit av spela til Norsk Tipping til å gje sin del til Føyk. og redigere meg.