Liatraven

Liatravaren er eit årvist opplegg der idrettslaget Føyk legg ut bøker på turmål i området Espe-Børve.

Turmål Vanleg utgangspunkt Poeng
Galden Sekse 8
Stegastein Øvre Børve 15
Våga Meland (Espe) 15
Hovlandstølen Hovland 12
Seksehovden Sekse 20

Innskrivingar i desse bøkene blir registrert av Føyk som peikar ut vinnaren av Liatraven. VinnarenHovlandsstølen Stegastein er den som har vore på alle fem toppane og i tillegg har flest poeng i sin klasse. Det er ein vaksenklasse og ein klasse for born opp til og med sesongen mellom 7. og 8. klasse.

Sesongen for Liatraven registreringa varer frå 1. mai til 1. november, men det ligg bøker ute heile året. Dei som etter avtale med Føyk legg ut eller hentar inn sommarbøkene får godkjent turen sjølv om det er utanfor sesongen. Skriv då ei påminning om dette i boka.

Berre innskrivingar med fullt namn blir registrert. Skriv tydeleg, gjerne med blokkbokstavar.

Alle som har vore på samtlege fem turmål i løpet av sommarsesongen blir registrert i Føyk-statistikken. Desse vil første året med innskriving på alle fem turmåla bli premiert med turkopp, seinare år kan ein få gravert inn årstalet ved innlevering av koppen til styret.

Kart, turforklaringar, bilete med meir for turane er gitt i eige menypunkt «Føyk-Turar», linkane i tabellen ovanfor kan også nyttast.

Me minner om at Føyk også fører statistikk over fleire år. Planen er å gjera stas på trufaste travarar ved oppnådde runde tal.

 

2016-statistikk-innskrivingar

2016-statistikk-gjennomforing

Ein må vera medlem i idrettslaget for å delta i premieringa!

Nedanfor finn ein resultatfiler nokre år tilbake

Oppsummering Liatraven 2016

Oppsummering Liatraven 2015

Oppsummering Liatraven 2014

Oppsummering Liatraven 2013

Oppsummering Liatraven 2012

Oppsummering Liatraven 2011

Oppsummering Liatraven 2010