Ved Vetlabryggjo på 1930 – talet

Bilete teke nede ved «Vetlabryggjo» tidleg på 1930-talet

Eg fekk tilsendt eit bilete frå Helga Forslund (fødd Svoldal og oppvakse på Spansteigen)

Biletet er teke nede ved Vetlabryggjo. Det er den natursteinsbygde bryggjo på sørsida av naustet til Tomas Sekse. Denne var tidlegare pæla, men vart bygd opp att då vegen var utbetra rett før år 2000

Hadde vore kjekt å visst kven denne flokken er og kor dei skal på tur. Kanskje til Vikebygd på dans ?

Helga kjende att nokon av dei. kanskje den eldre garde her omkring veit noko om dette ??

Tilbakemeldingar hadde vore kjekt.

Takk til Helga som fortsatt er så interessert i heimbygde si etter nær 70 år i utlendigheit. Heldigvis er ho og med å støttar Grannalaget vårt.

 

Koseleg jolamøte i eldrelaget

Torsdag inviterte Børve, Sekse og Espe eldrelag til jolamøte med ekstra god mat i Grannatun. Jolastemning fekk dei alt på veg inn.

Andreas Sekse, som her forsyner seg med ribba og mykje godt til,  har teke ein pause i spelinga.

 

 

 

Andreas Sekse var invitert til å spela både til jolasongane og litt elles. Noko som sette ein ekstra spiss.

Ribbo og maten elles, smaka fortreffeleg, takk vere Gunnbjørg Sekse og Borghild-Marie Meland til venstre.  Karin og Vigleik Mikkelsen var mellom dei som fekk nyta godt av godsakene.

I tillegg til jolasongar og musikk, las skrivaren Leif Harald Ystanes gjennom møteboka for dei to siste samkomene. (Biletet nedanfor.) Dei er så velskrivne at dei er for underhaldning å rekna.

Jakobs hjørna der Jakob Midtun fortel stubbar både på og ved sida av kanten, er eit fast innslag som kallar på både flir og gapskratt.

Jakob har alltid eit smil og ei saftig skrøne på lur. (Biletet)

Han er ikkje vekke leiar Jon Arne Meland heller. Han styrer møta på ein ledig og laus måte. Denne gongen las han i tillegg eit dikt om «Tilbod på jolavask for pensjonistar», som også slo godt an.

Diktet handla om ein som trudde det var kroppsvask det var snakk om, men som fekk seg ein grundig  bilvask – med tectylbehandling. Han vart i alle fall rein.

EIt triveleg bordseta i adventstida. God jol i møte!

 

Eldrebølgje på Sekse

Torsdag 11. oktober invaderte dei godt vaksne frå heile  austsida av Ullensvang – «Grannatun» på Sekse.   Børve, Sekse, Espe eldrelag hadde invitert dei to andre laga – Lofthus pensjonistlag og Kinsarvik pesjonistlag til kulturell og koseleg samkome.

Hovudtrekkplasteret var Magne Velure (biletet), som fortalde om, og las frå boka «Kvardagsord» og andre tekstar frå bloggens hans «Jakobs bok».

 

 

Her ynskjer leiar, Jon Arne Meland velkomne til dei rundt 70-80 frammøtte. Han er flankert av gamaldansgruppa «Siste utveg», som slett ikkje lever opp til namnet sitt. Tvert imot. Frå venstre ser me Alf Hunnålvatn, Ottar Sekse, Harald Opedal, Sjur Oppedal og Egil Urheim.

Fleire av dei frammøtte nytta høvet til å krydra stunda med gode stubbar og helsingar.

Leif Harald Ystanes var ein av dei.

Leiar i Kinsarvik pensjonistlag, Kjell Husebø, ein annan.

Salen i ungdomshuset på Sekse, er ei vakker råme kring samlinga. Ikkje minst måleria og teikningane til Kari Vivelid.

Her ventar ein på maten. 

Det kribla i ein del danseføter når gladgutane frå Ringøy, Kinsarvik og Stronde sleppte seg laus.

Det vanka både mat, kaffi og kake. Og til slutt var det åresal.

 

Skjemt og alvor i eldrelaget

Neste torsdag, den 6. april, kjem røldølen Oddbjørn Lynghammar til Sekse for å dela skjemt og alvor med dei frammøtte.

Oddbjørn Lynghammar kan laga godt pinnakjøt. Men han har også ordet i si makt, antan det er alvor eller skjemt. (Privat foto).
Oddbjørn Lynghammar kan laga godt pinnakjøt. Men han har også ordet i si makt, antan det er alvor eller skjemt. (Privat foto).

Lynghammar er månadsgjesten til Børve, Sekse og Espe eldrelag som har møte i «Grannatun». I tillegg til gjesten, vil det vanka både mat og kaffi og åresal. Laget er og invitert til eit møte i Kinsarvik eldrelag den 20. april. Det vert høve til påmelding under møtet neste torsdag. Møtet startr som vanleg klokka 16.00.

Godt humør i eldrelaget

Godt humør rndt bordet. Her er plass til fleire.
Godt humør rundt bordet. Her er plass til fleire.

Ein gong i månaden møtest dei. Medlemmene i Børve, Sekse og Espe eldrelag. I ettermiddag er det årsmøte.

Av Johannes H. Sekse

Føremålet til Børve, Sekse og Espe eldrelag er å skipa til trivelege samvær for dei som bur i og/eller er knytt til det som var Sekse skulekrins. På ymse måtar skal dei fremja medlemmene sine sosiale og kulturelle interesser. Hald fram med å lese «Godt humør i eldrelaget»