Da kjeme seg!

No byrjar ein å ana korleis det vil verta sjåande ut på den framtidige samlingsplassen i grenda.

Grannabryggjo tek form 1
Grannabryggjo tek form. Oppfylling og muring er i full gang. 

Det er berre å ta hattane av for det formidable dugnadsarbeidet som er lagt ned for å få til småbåthmn og alt det andre som er tenkt inn her når «Grannabryggjo» er ferdig.

Det har vore lite og ikkje drahjelp utanfrå. Alt – frå reguleringsplan til ferdig anlegg – er så godt som sjølvgjort.

bry1

Oppfylling mellom moloen og rasteplassen i bakgrunnen, er i full gang.

 

Honnør til vegvaktarane!

Vegvedlikehald. Svein Opedal.
Vegvedlikehald. Svein Opedal.

Vesle jolafta styrtregna det, så vatn fossa over alt. Då hadde dei ein stri tørn – mellom andre Frode Hamre og Svein Opedal – i anleggsområdet mellom Geithamren, Deildo og Djupevik.

I dag dreiv Svein og grusa vegen. Denne gongen har vegen vore betre enn på lenge. All honnør til dei!

No gler me oss til at Osten er sprengd ned og køyrd vekk – og for kvar meter med ny  eg som vert laga.

Framleis er deteit stykke att før anlegget er ferdig, men no kan det vel berre gå ein veg.

Kjære turgåar!

 

 På oppfordring frå grunneigarane i området vårt:

Me ser positivt på at de nyttar lia og utmarka til turgåing. Men det hender diverre og for ofte at grindar og lé vert ståande opne.

kjære tur

Det fører til mykje ekstra arbeid og problem, når me må leita etter dyra våre og få dei på plass att.

Alle grindar skal difor vera lukka heile året!!

  • om sommaren for beitedyr og om vinteren for hjorten.

 

Dersom du ser sjuke dyr eller dyr som du trur er på ein stad dei ikkje skal vera, så gje melding til ein av oss.

(Kontakttelefon: 411 05 951).

Hugs og på bandtvangen!

Takk for eit godt samarbeid og GOD TUR!!!!

Grunneigarane

Skjemt og alvor i eldrelaget

Neste torsdag, den 6. april, kjem røldølen Oddbjørn Lynghammar til Sekse for å dela skjemt og alvor med dei frammøtte.

Oddbjørn Lynghammar kan laga godt pinnakjøt. Men han har også ordet i si makt, antan det er alvor eller skjemt. (Privat foto).
Oddbjørn Lynghammar kan laga godt pinnakjøt. Men han har også ordet i si makt, antan det er alvor eller skjemt. (Privat foto).

Lynghammar er månadsgjesten til Børve, Sekse og Espe eldrelag som har møte i «Grannatun». I tillegg til gjesten, vil det vanka både mat og kaffi og åresal. Laget er og invitert til eit møte i Kinsarvik eldrelag den 20. april. Det vert høve til påmelding under møtet neste torsdag. Møtet startr som vanleg klokka 16.00.

Nytt om vegljos

I dag er det ein og annan stolpe med ljos i langs Seksevegen, medan lange strekkjer er kolsvarte. No forventar ein at noko vil skje.
I dag er det ein og annan stolpe med ljos i langs Seksevegen, medan lange strekkjer er kolsvarte. No forventar ein at noko vil skje.

Etter møtet i Grannatun tysdag, sa ordførar Solfrid Borge til styreleiar i IAG, Karl Arvid Andersen, at det no skal vera fylkeskommunale midlar til det etterlengta, og topp-prioriterte vegljoset over Sekse.

Ho skulle ta det opp med partikollega og leiar i samferdsleutvalet i fylket, Nils Bjørke.

SISTE!

Redaktøren fekk i dag spørsmål om Ullensvang herad har pengar til prosjektet. Det er viktig å vera klar over skilnaden på kommunale ogfylkeskommunale – og for den saks skuld – riks-vegar.

Vegane i Flisabakken er kommunale – altså eigd og drivne av Ullensvang herad. Her er dei også ansvarlege for vegljoset.

Seksevegen er fylkeskommunal. Det er altså Hordaland fylkeskommune som eig han, og det er dei som skal betala for det vegljoset det er snakk om no.

Heradsstyret prioriterte for eit par år sidan, Seksevegen heilt på topp mellom fylkeskomunale tiltak i kommunen. Men det er altså fylket som skal betala. Og det er der det no skal ha dukka opp pengar som kan brukast til føremålet.