Våga

Kartutsnitt Våga

Høgd Stigning Distanse Gradering Poeng Liatraven
800m 660m 2,5km Krevjande 15

Denne turen (5) går opp lia frå Espe/Meland, og er starten på ein av dei gamle slepene over Hardangervidda, nemleg Hardingslepa. Her har det reist hestehandlarar i mange generasjonar. Slepa over vidda — namnet tyder rett og slett «spor» – går attende til forhistorisk tid. Jarn frå Telemark til vikinghovdingar i vest, hestar frå Hardanger, talg til sølvgruvene på Kongsberg.

Ta av frå riksveg 13 på Kvalnes, der det er skilta til Brattespe. Om lag ein kilometer oppe går inn inn på ein traktorvegen som går utover fjorden, inngangen på denne vegen er merka.  Etter kvart går denne bratt oppover, du passerer så eit uthus og kjem opp på ein skogsveg som går langsetter lia. Følg den om lag 50 meter innover og ta opp stien ved treskiltet.20140609_Våga_0129-2014

Eit stykke opp i bakkane passerer ein Vegaskil. Ved Errefloten møter ein den alternative vegen frå Segelgjerd (51). Turen går vidare opp og over den idylliske Øvra Tveiti.

 

DSC_9247-2013
Hestar beitar på Tveite. Foto Geir Olav Guddal

Like ovanfor Ilaget kan ein forlata kløvjarvegen og ta snarvegen rett opp til venstre (54), dette er den vanlegaste vegen. Etter ei stund passerer ein då Elsehelren og Brudbenk. Så kryssar ein elva ved Skreo og tek oppover dei siste bakkane.

Framme på Våga er du komen på kote 800 har flott utsikt over fjorden. Turbokkassen til Føyk er festa til ein stolpe like nedanfor eitt av dei midterste stølshusa.

DSC_0405
Våga i vinterskrud

Hardingslepa- Tyssevassbu – vidare til fjells: Fortset ein langs slepa frå Våga går vegen vidare går opp til og forbi Trettetjørn. Snart kjem du til Vendedalen. Lenger framme, ved Brundarestein, ser du Vendevatnet.

Skal ein særleg lengre innover fjellet enn dette må ein ta sikte på overnatting.

Litt lenger innpå, i Vattagjelet, kjem ein innpå turistforeiningsvegen frå Topp og Skjeggedal til Tyssevassbu (DNT Oslo). Ein kan følgje denne vegen ned til Skjeggedal/Tyssedal og å få ein rundtur.

Fortset ein derimot vidare innover Hardingslepa passerer ein etter eit tid Tyssevassbu. Det er vanleg å rekna 7 timar gange frå Espe til Tyssevassbu, 5 tilbake.

Hardingslepa går så vidare via Nonskår og Litlos. Slepa går på sørsida av Litlosvatnet, medan turisthytta ligg litt oppe på nordaust-sida. Turen frå Tyssevassbu til Litlos tek omlag 7 timar.

Alternative vegar og variasjonar i området Segjelgjerd-Espe

Espelia er rekna som ei lett li å gå i. Her er det difor råd å finna mange alternative turar. Nokre forslag finn ein nedanfor.

Segelgjerd – Våga(51):  Turen til Våga kan alternativt starta frå Segelgjerd. Frå riksvegen følgjer ein  byggjefeltvegen og vidare oppover via skogsvegen forbi skytebanen og opp til velteplassen for tømmer.  Frå velteplassen går vegen flatt innover mot Espe, men stien til Våga via Erreflot tek opp frå traktorvegen ca. 500 meter forbi velteplassen.

Våga – Brattespestølen – Våga (55): Frå Våga kan ein gå slakt innover lia til Brattespestølen, om lag 800 meter.

DSC_7446
Brattespestølen

Frå Brattespestølen går det nedover til ein møter att traktorvegen (52) på Espe. Følg denne utover til ein møter vegen ein gjekk opp. I skrivande stund (februar 2017) pågår det arbeid med ein skogsveg som går opp til Brattespestølen. Ein kan følgja denne vegen som eit alternativ til sporet 55, som følgjer den gamle stien.