Fresvikstølen

 

Kartutsnitt Fresvikstølen

Høgd Stigning Distanse Gradering Poeng Liatraven
690m 690m 2,9km Krevjande
DSC_6719
Kulturlandskap i Fresvik

Første gangen ein tek denne turen er det ein stor fordel å bruka ein GPS eller smart-telefon lasta opp med GPX sporet som ein finn her. Enno betre er det sjølvsagt å ha med kjentfolk.

Turen startar nede ved rv13. Følg bilvegen, så vidare på traktorvegen. Det er ikkje skilta og fleire stiar å velja mellom.

Oppe ved Åsen kjem ein til huset vist nedanfor. Gå rundt og sving rett opp i skogen på baksida.

DSC_6693_1
Åsen

Etter dette går ein på sti. Det er stundom mykje skog og ikkje alltid lika lett å finna fram, men stien følgjer ryggjen mot Espe.

Turen går i eit uventa dramatisk terreng og gjev flott utsyn mot Espe og nordover i Sørfjorden. Det går ein alternativ veg frå Espe til Fresvikstølen som ikkje har GPX-spor.

DSC_6707
Utsikt utover mot Espe

På Fresvikstølen har husa falle ned for mange år sidan, men ein ser enno restane av husa.

DSC_6708
Fresvikstølen