Skikk og bruk

Allemannsretten gjev alle rett til ferdsel og opphald i utmarka i Noreg. Ein skal bruka marka slik at ein ikkje gjer skade eller er til ulempe for andre:

  • Ta omsyn til utmarksnæringane
  • Lat att grinda! Lukk den i alle tilfelle du er i tvil
  • Ta omsyn til andre brukarar av området
  • Forstyrr ikkje dyr eller fuglar
  • Ta omsyn til beitedyr og hald hunden i band
  • Alminneleg motorisert ferdsel i utmark er forbode
  • Ikkje gjer opp eld i skog og mark frå 15.april til 15.september. Ved bålbrenning, hald god avstand til hus og ikkje direkte på berg. Vis alltid aktsemd.

Det finst få offentlege og tilrettelagde parkeringsplassar i området. Parkering må gjerast med godt skjønn og ikkje til hinder og irritasjon for grunneigar eller andre. I alle tvilstilfelle bør parkering avtalast med grunneigar.

Ta desse omsyna og ha ein god tur!