Seksehovden

Kartutsnitt Galden og Hovden

Høgd Stigning Distanse Gradering Poeng Liatraven
1062m 970m 3,5km Krevjande 20

Seksehovden på kote 1062 er den høgaste posten i liatraven. Den beste vegen opp til Hovden startar på Øvsta Sekse, om lag der bygdavegen er på det høgaste. I starten går turen langs ein traktorveg. Denne endar ved Svinagarden, vidare opp følgjer ein hestavegen. Fyrste partiet går gjennom granskogen opp til Langaskarv. Så følgjer eit parti med naturskog opp til Øvsta Fjoto, der avtek skogen. Ovanfor Ilagshaug startar Hovdeure der det er gjort omfattande rydding for å få vegen framkomeleg for buføring. Oppe på Hovden finn ein kassen til turboka  festa til steinmuren til ei gamal kvilebu.

DSC_8052

Nipo Frå Nipo på utsida av Seksehovden har ein luftig utsikt ned til området frå Børve til Hovland. Dette er ein rask og spennande avstikkar for mange.

Sekselia er relativt lettgått og det er råd å finna mange alternative turar. Nokre forslag er gjeve nedanfor.

Gamlestøl-Sekse (22) Heimatt kan ein alternativt går ned på nordsida, forbi Øvsta og Nedsta Solbjørgo og ned til Gamlestøl. Frå Gamlestøl kan ein gå rett nedover mellom elvane beitet sør om Storelva. Hovudstien går over Vetleelva og ned til Galden, eller ein kan ta vegen innover som fører til Galden, ein annan post på Liatraven.   Alle desse alternative vegane er delvis merka og stort sett enkle å følgja.

Gamlestøl-Sandståstølen-Tveite-Børve (85) Dette kan vera ein aktuell tur for eksempel i kombinasjon med turen 81 mellom Stegastein og Hovden, eller for eksempel ein Hovden tur med start/stopp Øvre Børve. Den kan også vera del av ein tur til Galden, med utganspunkt Ørve Børve.

Startar ein frå Gamlestøl går det utover til Storelva og kryssing ved inntaket til kraftanlegget i elva. Vidare utover og ned til tufta til Sandståstølen. Derifrå tek ein nedover og kryssar så utover til ein kjem til eit beite. Her er det bratt ned eit stykke til ein kjem til vegen som går meir eller mindre flatt utover til Tveite. Frå Tveite er det tydeleg veg vidare ned til tuna på Børve.

Struten (31) Like ovanfor Svinagarden kan ein på vegen opp ta til  venstre og opp til  Struten som er ein vårstøl tilhøyrande Øvsta Sekse. Vegen vidare går forbi stølsmurane oppover lia for så å dreia innover til Langaskarv. Frå Langaskarv følgjer ein hovudvegen vidare.

DSC_1001
Uthus like ovanfor Struten

Stegastein (81) Dette er eit spennande alternativ for dei sprekaste liatravarane som kombinerer to av dei høgste postane i Liatraven. Frå Hovden går ein opp mot Svortetjørn, passerer så vatna Svortetjørn og Vatnasetevatnet på nordvestsida. Går så i dalføret Dravladal på innsida av Hellenjoen og Grimsnuten. Lengre framme treff ein buførevegen til Børve og følgjer denne ned til Stegastein. Turen kan sjølvsagt også takast i motsatt retning.

Rossavarden – knutepunkt for vegane innover vidda Buføringsvegen går vidare innover frå Hovden forbi Svortetjørn, Vatnasete og til Rossavarden. Ved Rossavarden møter ein vegen frå Børve, vegen vidare innover Hardangervidda er felles. Rossavarden 4H har henta namnet sitt frå dette møtepunktet, og symboliserer med dette i namnet at laget er eit møtepunkt for dei ulike grendene i krinsen.

Turen til Rossavarden og tilbake er nok for lang som dagstur for dei fleste. Turen opp forbi Svortetjørn til Vatnasete er derimot under to km i relativt lett terreng. Dette er ein fin avstikkar.