Børve

Børve

Børve-Nedre og Øvre- grensar i Nord til Frøynes og i sør til Sandstå og Sekse. Både Nedre og Øvre Børve har eigedomar til sjøs. Gardsvegen tek opp frå børvenausto  og går om Nedre Børve og til Øvre Børve.

Gardsnavnet Børve har me både her og i Kvam. Det er samansett av gno. bjarg (bjørg – bratt fjell – og gno. vin (slette) ; det er sletta under fjellet , eit nemne som høver godt på øvre Børve. Det er det same som bynamnet Bjørgvin. I 1329 er gardsnavnet Bjorgwin, i 1369 Bjorghuin, men i 1521 er skrivemåten Berwin, så då har vel skrivemåten nærma seg den me brukar i dag, Børve.

Øvre Børve
Initun på Børve
Initun på Øvre Børve
Nedre Børve
Nedre Børve gardstun
Nedre Børve

 

Gamle skulen på Nedre Børve

Skulestova på Nedre Børve vart brukt fram til  det var slutt på omgangsskulen. I 1898 vedtok skulestyret at Børve og Sekse krinsar burde leggjast saman.  Skulestyret fann ei høveleg tuft i Markastå på Sekse. Etter protestar frå både Børve og Hovland bestemte til slutt skuledirektøren, etter å ha synfare og godkjent  tufte, at skulen skulle liggja her. Skulehuset vart bygd og stod ferdig i 1912.

Gamleskulen på Nedrebørve
Gamleskulen på nedre Børve
Børve nausto
Gamle Børvenausto
Gamle Børvenausto

Børvenausto

Nausto eller Børvenausto var den gamle naustplassen som vart sentrum i grenda. Her var det handelslag, dampskipstoppestad, poståpneri, skipsbyggeri, avistrykkeri, meieri og fruktlager. Stein Tomasson Pugerud frå Hallingdal bygde i 1864 handelshus på festa grunn. Børve vart dampskipstoppestad og Stein vart poståpnar . i 1875 starta John Torsteinson Børve (1851-1933) opp skipsbygging her. John Torsteinsen Børve vaks opp på bruk nr 11, Kongstun, og utdanna seg til skipsbyggmester i Hardanger.  Han bygde ein galeas her på nausto.

Han starta bl.a. Lindvågen båtbyggeri på Tustna, og Bjørnehaugen mekaniske verksted (seinere Sterkoder Mekaniske Verksted) i Kristiansund. I 1899 startet han A/S Kristiansund båtbyggeri, der han var disponent og hovedaksjonær, samstundes som han var Veritas’ representant for treskip. Han forestod tegning og byggetilsyn med ein lang rekke fartøyer som vart bygd i bl.a. Bøfjorden, Snekvik, Vågland, Åskard og Valsøysund, Vinjeøra og Kyrksæterøra. Dette var stort sett jakter og galeasar, men også fiskebåter. Børve bygde og den fyrste bilferga på Nordmøre.

Børve_båtbygg
Bilete av maleri som viser galeas under bygging på Børve

I 1886 bygde bygdefolket dampskipskai på dugnad.I 1941 bygde Børve Fruktlager lagerhus like ved. Handelslaget bygde nytt handelshus i 1958 (Børve handelslag) dette var lenge eit handelssentrum i krinsen. I 1970 vart posten flytt til Hovland og like etter vart butikken og lagt ned.