Sekse

Sekse grensar mot Sandstå i nord og Hovland i sør. Namnet er i middelalderkjelder skrive Sexinn (1293), Sexin (1306), Sexen (1521), seinare vart skriveforma Sexe og Sekse det vanlege.

På Sekse har det inntil nyleg vore barneskule, barnehage og grendahus. No er skulen nedlagd. På Sekse har gardsdrifta vore den viktigaste næringa. Med nær 20 gardar i drift.

Sekse Skule

Det vart bygt skule på Sekse i Flisabakken på Nedsta Sekse i 1912.

Gamle Sekse Skule
Gamleskulen på sekse,bilete av foto som i dag heng i bygde sitt rom i Sekse barnehage. Foto Karl Arvid Andersen

 

 

Skuleklasse Sekse
2. klasse Sekse skule i 1945 1.rekke Bjørg S. Johannesen(Sekse)-Liv Hegerland(Sekse)-Helga Svoldal-Ingebjørg L. Børve 2. rekke Jakob Midttun-Harald Sekse-Brita B. Børve-kari D Hass(Olsen)-Gunvor O.Digranes-Johanne O. Leivestad-Aud J. leivestad-Tora ? 3. rekke Henrik Garatun-Lars Mathias Aga-Ørjan M. Børve-Per Djønne-Ola L. sekse-Magne O. Sandstå-Egil  Nicolaysen-Knut Garatun-Lærar Margit Sekse-Jørgen K. Børve (manglar på bilete)

Skulen vart rive i 1964 for å gje plass til ein ny og større skule.  Mens nye skulen vart bygd føregjekk undervisninga i Grannatun.

Sekse skule vart bestemt nedlagt frå skuleået 2013/14. Elevane frå krinsen vert overførte til Opedal skule på Lofthus.  Elevane frå krinsen vert overførte til Opedal skule på Lofthus.

Grannatun

Ungdomslaget og bygdefolket samla inn midlar til å byggja ungdomshuset Grannatun i 1934.

Nedsta Sekse
Nedsta Sekse, Seksevegen . Foto Jon A. Bleie frå 01.07.1924
Nedsta Sekse, Seksevegen . Foto Jon A. Bleie frå 01.07.1924
Midt Sekse
Midt Sekse
Midt Sekse, Maleri etter foto av Kari Vivelid
Trappetun
Trappetun sekse
Trappetun, Maleri etter foto av Kari Vivelid
Øvsta Sekse
Sekse øvre 1910, fotog Torstein L lofthus
Øvre Sekse, Foto av Torstein L. Lofthus 1910
Sekse Øvre klyngjetun
Klyngjetun Øvsta Sekse, Foto Ola.O Børve
Øvsta Sekse
Klyngjetun Øvsta Sekse, Maleri etter foto av Kari Vivelid