Espe

 Espe er ei grend på austsida av Sørfjorden i Ullensvang herad i Hordaland.

Skriveforma for Espe har endra seg mykje. I 1340 var skrivemåten Æspin, i 1536 var skriveforma Espen, og Espen var vanleg skriveform til matrikkelen i 1880 slo fast skriveforma Espe. Namnet kjem frå tresorten Osp og «vin», som tyder grasmark, eng.

Hardingslepa,  er ikkje ein del av Nordmannsslepa, slik det stod her tidlegare. Det er ei misforståing som oppstod i det såkalla «Prosjekt Nordmannsslepene» i fylgje informanten vår, Per Bremnes.

Me har tre Nordmannsleper som alle ligg nord for grenda vår. Normann var det folk austpå  kalla folk frå vest – Hardanger, den gong ein dreiv med fedrifter og hestehandel. Hardingslepa ligg altså sør for dei tre andre.

Ho hadde utgangspunktet sitt frå Espe/Meland heilt til Haukelivegen vart opna og hestehandelen vart avslutta.

Espe er, som mange grender i Ullensvang, ei fruktgrend, men det vert idag og satsa meir på dyrehald med nybygde driftsbygningar. Det nedlagde fruktlageret, er no eigd av bygdefolk og husar fleire aktivitetar.

Melandsnausto

Her var tidlegare eit senter for krinsen med post, butikk. Espe fekk dampskipstoppestad og poståpneri. Grenda bygde kai. På Melandsnausto tok Lars Larsson Meland til med handel i 1877. han hadde tidlegare vore ferdakar og hadde eigne farty.

HFU-F.01148
Bilete av dei gamle Melandsnausto
HFU-F.00427
Skipsanløp på dampskipskaien på Espe
HFU.HV.01033
Storfint besøk på Espe. Det 60 fots lange vikingskipet «Roald Amundsen» var bygd i Olderneset av Johan Petersen, Jakob Johnsen og Ivar Øverleir. Skipet ble satt på elva våren 1929. Oppdragsgiver var kaptein Gerhard Folgerø fra Sandnessjøen, som med 10 manns besetning seilte skipet over Atlanterhavet fra Spania til Karibien etter samme rute som Colombus. Senere førte kaptein Folgerø skipet, som også hadde en 10 hk motor, opp elva Mississippi. Slik gikk det til at det første havgående fartøy som kom til Minneapolis, faktisk var bygd i Korgen.

 

Espe Fruktlager ligg enno på staden, men sentralisering har gjort at fruktlageret er nedlagt, og frukta frå dette området vert no sendt til Ullensvang Fruktlager på Lofthus. Skulen på Espe vart nedlagt i 1969. Elevane vart då flytta til ny skule på Sekse. Ungane frå Espe går no på barneskule på Opedal skule, og reiser til Kinsarvik Skule for å gå på ungdomsskule. Barnehage er i det tidlegare skulebygget til Sekse Skule.

Kvalnes

Ekteparet Anna (fødd Sekse) og Tomas L. Kvalnes med Børvebilen
Ekteparet Anna (fødd Sekse) og Tomas L. Kvalnes med Børvebilen. Denne bilen gjekk i fast rute mellom Børve og Odda. Dette var ifylgje Leif Kvalnes Børvebil nr. 2

Meland

Meland
Melandsgardane øvst på biletet

 

Halldor Meland

Halldor Meland, hardingfelespelar og komponist, den første spelemannen frå Hardanger som heldt konsertar.

Halldor Meland var fødd 23. juni 1884 på garden Meland på austsida av Sørfjorden i Hardanger og døydde 25. desember 1976 i Øystese. Han hadde Meland som heimstad fram til han gifta seg i med biletvevaren Kirsti Tyssedal i 1929. Ekteparet busette seg då i Valland i Kvam. Her dreiv dei eit småbruk parallelt med at dei begge verka som kunstnarar.

 Meland fekk si første fele som smågut og lærte i førstninga felespel av lokale spelemenn i Ullensvang. Avgjerande for den vidare utviklinga hans blei likevel dei to åra på Voss Folkehøgskule (1900–01 og 1904–05). Her kom han i kontakt med spelemennene Sjur Helgeland og framfor alt Ola Mosafinn, som blei den første læremeisteren hans.

I 1986 gav Hardanger folkemusikksamling ut ein kassett med opptak av Halldor Meland. Han blei heidersmedlem i Landslaget for spelemenn i 1953 og fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 1962. Ein viktig Meland-elev var Anders Kjerland.

Halldor meland
Felespelaren Halldor Meland