Skjeldesete

 

Kartutsnitt Skjeldesete

Høgd Stigning Distanse Gradering Poeng Liatraven
700m 680m 3,0km Krevjande

Dette er den innerste turen i kartprosjektet, like ved grensa til Odda. Kommunegrensa mellom Odda og Ullensvang går stort sett langs elva opp til stølen Skjeldesete. Faktisk går kommunegrensa tvers gjennom stølen.

Skjeldesete ligg  på kote 700. Turen startar frå Skjeldvik nede ved sjøen.  Ein går så på ein gardsveg opp til garden Skjeldås. Frå Skjeldås følgjer ein traktorvegen som fører opp mot Skjeldåstræet. Traktorvegen deler seg ca. 300m før Skjeldåstræet, her tek ein vegen som går oppover til høgre. Etter ei stund stoppar traktovegen og ein held fram på ein sti som innimellom kan vera vanskeleg å sjå. Det kan då vera greitt å følgja med på GPS sporet.

Til forskjell frå dei andre turane i «Liatraven» går vi gjennom naturleg furuskog på deler av turen.

Framme på Skjeldesete finn ein eit vakkert stølsmiljø og fin utsikt. Ein av dalane ned mot stølen heiter Fagradalen og vi forstår godt kvifor.

DSC_0236

DSC_0248

DSC_0240

Taket på stølshuset er tekka med «karbid dunk lokk». Dette var noko nytt då uthuset vart tekka, men er å rekna som gamalt og rustikt i vår tid. Spesielt og artig er det i alle fall.