Nytt om vegljos

I dag er det ein og annan stolpe med ljos i langs Seksevegen, medan lange strekkjer er kolsvarte. No forventar ein at noko vil skje.
I dag er det ein og annan stolpe med ljos i langs Seksevegen, medan lange strekkjer er kolsvarte. No forventar ein at noko vil skje.

Etter møtet i Grannatun tysdag, sa ordførar Solfrid Borge til styreleiar i IAG, Karl Arvid Andersen, at det no skal vera fylkeskommunale midlar til det etterlengta, og topp-prioriterte vegljoset over Sekse.

Ho skulle ta det opp med partikollega og leiar i samferdsleutvalet i fylket, Nils Bjørke.

SISTE!

Redaktøren fekk i dag spørsmål om Ullensvang herad har pengar til prosjektet. Det er viktig å vera klar over skilnaden på kommunale ogfylkeskommunale – og for den saks skuld – riks-vegar.

Vegane i Flisabakken er kommunale – altså eigd og drivne av Ullensvang herad. Her er dei også ansvarlege for vegljoset.

Seksevegen er fylkeskommunal. Det er altså Hordaland fylkeskommune som eig han, og det er dei som skal betala for det vegljoset det er snakk om no.

Heradsstyret prioriterte for eit par år sidan, Seksevegen heilt på topp mellom fylkeskomunale tiltak i kommunen. Men det er altså fylket som skal betala. Og det er der det no skal ha dukka opp pengar som kan brukast til føremålet.

 

Forfattar: Johannes H. Sekse

Oppvaksen på Børve og Sekse. Odda gymnas (-1969). Stord lærarskule (1969-1971) Notodden lærerskole (1971-1972), kokk i militæret 1972(-1973). Norsklina ved Stord lærarskule (1973-1974). Lærar ved Rimbareid skule, Fitjar (1974-1982), Hauso barne- og ungdomsskule, Ullensvang (1984-1987), Avisarbeid: Redaktør i "Hardanger" (1982-1984). Før det: Redaktør i Marsteinen i Austevoll (1977-1982), Frilansar i bladet Sunnhordland (1975-1982) og frå 1984 frilansar og frå 1987-2011 journalist i Hardanger Folkeblad. . Driv no gard med frukt og sau, og er engasjert i ulike lag og ymse aktivitetar. Mellom anna er eg redaktør i heimesida til IAG.