No kjem vegljosa

 

For 31 år sidan var det synfaring langs Seksevegen med tanke på å få vegljos  frå Hovland til Markastå.  No kjem det! Endeleg!

Fartsskilt. Det gjekk raskare å få på plass fartsskilt på Seksevegen, enn ljosmaster. Men no kjem dei og.

Nesten tretti år tok det før noko meir skjedde. Etter påtrykk frå Indre Austsio Grannalag (IAG), vart prosjektet proritert på topp av Ullensvang heeradsstyrre. Etter det, løyvde Hordaland fylkeskommune to millionar kroner. Men tida gjekk utan at det kom noko konkret ut av det. Etter kvart var mange redde for at dei løyvde pengane skulle verta trekte innatt.

Men så kom Marit

(Marit Ystanes, Tenesteleiar Teknisk drift og Samfunnsutvikling i Ullensvang herad.)

 Rett nok har også ho møtt mange fartsdumpar, men ho har heile tida arbeidd med fokus på å få prosjektet på plass.

Som lesarane våre veit, gjekk ein vekk frå straumkablar og grøfter/luftspenn, og det vart arbeidd vidare med solcelledrive vegljos.

– Det er eit sterkt ynskje frå heradet å få til vegljos på heile strekninga, skriv Marit i ein epost til heimesida vår. Men dei to prøvemastene viste seg å vera mangefulle og fungerte ikkje.

Synfaring  den 16. april:  Frå venstre Marit Ystanes,  Dag Magne Maberg, BTG AS,  Svein Miljeteig frå Mesta AS og Trygve Raen, BTG AS. Dei slo fast at prøvemastene rett og slett ikkje fungerte.

Etter ein prøveperiode i vinter, tok everandøren og produsenten av Solcellemastene, firmaet BTG AS,  ny kontakt med både Marit og  leiaren i IAG, Karl Arvid Andersen, for å informera om at det vart oppdaga feil med koblingar i fleire av dei utsendte prøvemastene – noko som gjorde lading av batteria dårlegare. Dette var truleg også grunnen til at mastene vart utlada i vinter.

I tillegg var panela lause og blafra i vinden

No har dei utvikla ei ny mast «Ilume 2.0» med integrerte solcellepanel på masta – på alle fire sider. Batteria er plassert nedst på stolpen. Mastene vert levert med to batteri, men har plass til to ekstra.

Slik ser dei nye mastene ut. Foto: BTG.

Marit Ystanes ynskte då at produsenten skulle koma og sjå området for å få vita meir om værforhold og høge fjell – og til tider mykje regn. Dei kom den 16. april.

Dei fann  fleire feil med prøvemastene, mellom anna dårlege koblingar. Etter synfaringa, uttalte Trygve Raaen, grûnder og dagleg leiar i BTG :

«Såvidt jeg kan bedømme virker Sekse å være en godt egnet sted for installasjon av soldrevet gatelys. Her er det åpent og luftig, og lite som kan kaste skygge på solpanelene. Vi har så stor tro på dette prosjektet at vi har lagt 3 års driftsavtale med i tilbudet vårt».

– Det betyr at dei vil fylgja opp drift og vedlikehald dei fyrste tre åra, seier Marit. Produsenten av mastene ser dette som eit svært spennande prosjekt – og er stolte over å få vera med på utvikling av eit framtidsretta og miljøvenleg løysing på vegljos.

Brukte ferien.  Marit Ystanes brukte nokre dagr av ferien sin, for å  førebu den vidare prosessen. Difor stiller ho her i «sivil».

Onsdag 3 juli vart det halde synfaring med Mesta AS, for å merke plassering av mastene. Det vert trong for rundt 83 master på heile strekninga. Og mastene vil verta montert i haust slik at det vert lys over Sekse til vinteren.

Arbeidet med å støypa/tilretteleggja fundament, er no kome i gang. I dag, 12. august, er det finmåling og justering for plassering av matene, etter at Marit faktisk brukte fleire dagar av ferien sin, for å grovmerka plasseringspunkt.

Siste finish. For å vera heilt sikker på at avstandar og plassering stemte med notatane, gjkk ho ein ekstra runde.

Marit Ystanes ynskjer så sterkt ho kan å  beklaga at saka har teke lang tid. For også etter at ho kom inn i biletet, har det vore mykje fram og attende. Heradsstyret har fått høyra om Vegljos Sekse jamt og trutt sidan ho starta i august i fjor.

«Kanskje  var det «hell i uhell» at dei «gamle» solcellemastene «Ilume 1» ikkje fungerte som dei skulle – og at det i mellomtida vart utvikla ei betre mast som også er «smekrare» i utsjånaden. Aldri så gale at det ikkje er godt for noko.», seier Marit Ystanes og håpar at alle som bur langs vegen vert nøgd med løysinga.

 

Vårbasar på Espe

Espe bygdekvinnelag inviterer til vårbasar på Espe grendahus sundag 7. april klokka 17.00.

Gode lesebriller må til om du skal vinna! (Arkivfoto)

Det vert stor vårbasar med masse gevinstar. Sal av kaffi, te, kaker og brus.      Sal av loddar på bok og åresal. Ta med familie og venner og kom.

Me tek både kontantar og vipps.

Helsing Espe bygdekvinnelag.

Koseleg jolamøte i eldrelaget

Torsdag inviterte Børve, Sekse og Espe eldrelag til jolamøte med ekstra god mat i Grannatun. Jolastemning fekk dei alt på veg inn.

Andreas Sekse, som her forsyner seg med ribba og mykje godt til,  har teke ein pause i spelinga.

 

 

 

Andreas Sekse var invitert til å spela både til jolasongane og litt elles. Noko som sette ein ekstra spiss.

Ribbo og maten elles, smaka fortreffeleg, takk vere Gunnbjørg Sekse og Borghild-Marie Meland til venstre.  Karin og Vigleik Mikkelsen var mellom dei som fekk nyta godt av godsakene.

I tillegg til jolasongar og musikk, las skrivaren Leif Harald Ystanes gjennom møteboka for dei to siste samkomene. (Biletet nedanfor.) Dei er så velskrivne at dei er for underhaldning å rekna.

Jakobs hjørna der Jakob Midtun fortel stubbar både på og ved sida av kanten, er eit fast innslag som kallar på både flir og gapskratt.

Jakob har alltid eit smil og ei saftig skrøne på lur. (Biletet)

Han er ikkje vekke leiar Jon Arne Meland heller. Han styrer møta på ein ledig og laus måte. Denne gongen las han i tillegg eit dikt om «Tilbod på jolavask for pensjonistar», som også slo godt an.

Diktet handla om ein som trudde det var kroppsvask det var snakk om, men som fekk seg ein grundig  bilvask – med tectylbehandling. Han vart i alle fall rein.

EIt triveleg bordseta i adventstida. God jol i møte!

 

Julebasar på Espe

Espe bygdekvinnelag inviterer til julebasar på Espe grendahus sundag 25. november kl. 17.00.

Jolegrana lyser utanfor Espe grendahus i fjor. (Arkiv).

Det blir stor julebasar med masse gevinstar.

Sal av kaker, kaffi, brus, loddar på bok og årer.

Ta med familie og venner på ei koseleg førjulstid.

Me tek både  kontant og vipps.

Yoga-helg på Sekse

Etter ei vellukka treningshelg i januar vil me gjenta dette Kjersti M. Føllesdal kjem att og det vert nokonlunde same opplegg som sist, bortsett frå fredagen.

Laurdag 10. november: kl. 10.00 – 11.00: Uthaldenheit og styrke kl. 11.00 – 12.30: Yoga Flow Felles lunch etter treninga.

Bygdekvinnelaget handlar inn og lagar til Sundag 11. november:

NB! ME STARTAR OPP KL. 11.00 SUNDAG! Kl. 11.00 – 12.00: Styrke Kl. 12.00 – 12.15: Yoga Flow.

Ta med: Tjukkelabbar, god gensar, teppe+ treningsmatte og strikk (lang) for dei som har dette.

Velkomen til ei inspirerande og sprek helg på Sekse!!

Pris kr. 300.- Påmelding til Signe Lise Børve Me har nokre ledige plassar enno. tlf. 48213341 evt. epost: siliborve@gmail.com seinast torsdag 8/11. Helsing Børve/sekse bk.lag

Eldrebølgje på Sekse

Torsdag 11. oktober invaderte dei godt vaksne frå heile  austsida av Ullensvang – «Grannatun» på Sekse.   Børve, Sekse, Espe eldrelag hadde invitert dei to andre laga – Lofthus pensjonistlag og Kinsarvik pesjonistlag til kulturell og koseleg samkome.

Hovudtrekkplasteret var Magne Velure (biletet), som fortalde om, og las frå boka «Kvardagsord» og andre tekstar frå bloggens hans «Jakobs bok».

 

 

Her ynskjer leiar, Jon Arne Meland velkomne til dei rundt 70-80 frammøtte. Han er flankert av gamaldansgruppa «Siste utveg», som slett ikkje lever opp til namnet sitt. Tvert imot. Frå venstre ser me Alf Hunnålvatn, Ottar Sekse, Harald Opedal, Sjur Oppedal og Egil Urheim.

Fleire av dei frammøtte nytta høvet til å krydra stunda med gode stubbar og helsingar.

Leif Harald Ystanes var ein av dei.

Leiar i Kinsarvik pensjonistlag, Kjell Husebø, ein annan.

Salen i ungdomshuset på Sekse, er ei vakker råme kring samlinga. Ikkje minst måleria og teikningane til Kari Vivelid.

Her ventar ein på maten. 

Det kribla i ein del danseføter når gladgutane frå Ringøy, Kinsarvik og Stronde sleppte seg laus.

Det vanka både mat, kaffi og kake. Og til slutt var det åresal.

 

40 er farten no

No har endeleg Seksevegen fått rett fartsskilting. Til no har det vore ulike tolkingar, og til dels feilskilting, noko som vart oppdaga i samband med at det skulle planleggjast vegljos langs vegen.

Nokon meinte til og med at fartsgrensa var 80 km/t når du kom ein veg, og 60 den andre. Dei nye skilta fortel med tydeleg skrift at no er det 40 som gjeld.

To skilt ved starten på 40-sona, og…….

…..eitt påminningsskilt for kvar 500 meter på høgre sida.

Me legg elles til at fundamenta til dei to fyrste led-solcelle-vegljosmastene er støypte. Mastene er såleis snart klare for montering. Dei er plasserte rett sør for Flisabakken, der dei eksisterande ljosmastene stoppar. Så snart ein har funne ut om en nye teknologien fungerer, skal til saman 100 vegljos gjera det trivelegare for alle dei som ferdast langs vegen. Ikkje minst er dette og ein skuleveg for mange.