No kjem vegljosa

 

For 31 år sidan var det synfaring langs Seksevegen med tanke på å få vegljos  frå Hovland til Markastå.  No kjem det! Endeleg!

Fartsskilt. Det gjekk raskare å få på plass fartsskilt på Seksevegen, enn ljosmaster. Men no kjem dei og.

Nesten tretti år tok det før noko meir skjedde. Etter påtrykk frå Indre Austsio Grannalag (IAG), vart prosjektet proritert på topp av Ullensvang heeradsstyrre. Etter det, løyvde Hordaland fylkeskommune to millionar kroner. Men tida gjekk utan at det kom noko konkret ut av det. Etter kvart var mange redde for at dei løyvde pengane skulle verta trekte innatt.

Men så kom Marit

(Marit Ystanes, Tenesteleiar Teknisk drift og Samfunnsutvikling i Ullensvang herad.)

 Rett nok har også ho møtt mange fartsdumpar, men ho har heile tida arbeidd med fokus på å få prosjektet på plass.

Som lesarane våre veit, gjekk ein vekk frå straumkablar og grøfter/luftspenn, og det vart arbeidd vidare med solcelledrive vegljos.

– Det er eit sterkt ynskje frå heradet å få til vegljos på heile strekninga, skriv Marit i ein epost til heimesida vår. Men dei to prøvemastene viste seg å vera mangefulle og fungerte ikkje.

Synfaring  den 16. april:  Frå venstre Marit Ystanes,  Dag Magne Maberg, BTG AS,  Svein Miljeteig frå Mesta AS og Trygve Raen, BTG AS. Dei slo fast at prøvemastene rett og slett ikkje fungerte.

Etter ein prøveperiode i vinter, tok everandøren og produsenten av Solcellemastene, firmaet BTG AS,  ny kontakt med både Marit og  leiaren i IAG, Karl Arvid Andersen, for å informera om at det vart oppdaga feil med koblingar i fleire av dei utsendte prøvemastene – noko som gjorde lading av batteria dårlegare. Dette var truleg også grunnen til at mastene vart utlada i vinter.

I tillegg var panela lause og blafra i vinden

No har dei utvikla ei ny mast «Ilume 2.0» med integrerte solcellepanel på masta – på alle fire sider. Batteria er plassert nedst på stolpen. Mastene vert levert med to batteri, men har plass til to ekstra.

Slik ser dei nye mastene ut. Foto: BTG.

Marit Ystanes ynskte då at produsenten skulle koma og sjå området for å få vita meir om værforhold og høge fjell – og til tider mykje regn. Dei kom den 16. april.

Dei fann  fleire feil med prøvemastene, mellom anna dårlege koblingar. Etter synfaringa, uttalte Trygve Raaen, grûnder og dagleg leiar i BTG :

«Såvidt jeg kan bedømme virker Sekse å være en godt egnet sted for installasjon av soldrevet gatelys. Her er det åpent og luftig, og lite som kan kaste skygge på solpanelene. Vi har så stor tro på dette prosjektet at vi har lagt 3 års driftsavtale med i tilbudet vårt».

– Det betyr at dei vil fylgja opp drift og vedlikehald dei fyrste tre åra, seier Marit. Produsenten av mastene ser dette som eit svært spennande prosjekt – og er stolte over å få vera med på utvikling av eit framtidsretta og miljøvenleg løysing på vegljos.

Brukte ferien.  Marit Ystanes brukte nokre dagr av ferien sin, for å  førebu den vidare prosessen. Difor stiller ho her i «sivil».

Onsdag 3 juli vart det halde synfaring med Mesta AS, for å merke plassering av mastene. Det vert trong for rundt 83 master på heile strekninga. Og mastene vil verta montert i haust slik at det vert lys over Sekse til vinteren.

Arbeidet med å støypa/tilretteleggja fundament, er no kome i gang. I dag, 12. august, er det finmåling og justering for plassering av matene, etter at Marit faktisk brukte fleire dagar av ferien sin, for å grovmerka plasseringspunkt.

Siste finish. For å vera heilt sikker på at avstandar og plassering stemte med notatane, gjkk ho ein ekstra runde.

Marit Ystanes ynskjer så sterkt ho kan å  beklaga at saka har teke lang tid. For også etter at ho kom inn i biletet, har det vore mykje fram og attende. Heradsstyret har fått høyra om Vegljos Sekse jamt og trutt sidan ho starta i august i fjor.

«Kanskje  var det «hell i uhell» at dei «gamle» solcellemastene «Ilume 1» ikkje fungerte som dei skulle – og at det i mellomtida vart utvikla ei betre mast som også er «smekrare» i utsjånaden. Aldri så gale at det ikkje er godt for noko.», seier Marit Ystanes og håpar at alle som bur langs vegen vert nøgd med løysinga.

 

«Grannanett» og litt grannanytt

Me ynskjer å levandegjera nettsida vår. Målet er at folk skal finna noko nytt nesten heile tida. Til det treng me også di hjelp!

Me i redaksjonen i «Grannanytt» og nettsida vår, kom saman for ei tid sidan. Me har alle vore travelt oppteke med mangt og mykje det siste halvåret. Men no satsar me på på ein «ny vår».

Me startar likså godt med namnet på nettsida. Sidan me kallar papiravisa vår for «Grannanytt» fann me ut at «Grannanett» var eit bra namn.

Her vil me leggja ut  stoff etterkvart som me har noko å melda – antan det er noko nytt, eller noko kjekt og triveleg – eller begge deler.

Me ynskjer også å koma skikkeleg i gang med eit par galleri – eitt med gamle og historisk interessante bilete og eitt med dagsaktuelle glimt om ver, vind og andre motiv som folk er flinke til å gjera på Facebook.

Difor oppmodar me lesarane om å senda inn bilete. Så skal me leggja dei ut i galleriet.

Dei ulike laga og organisjonane er elles hjarteleg velkomne til å senda inn – eller sjølve leggja ut – stoff under sine eigne faner. Dei som ynskjer det, kan få opplæring, så dei kan gjera det sjølve. Elles hjelper me gjerne til med å leggja ut.

Send stoff til Tale eller Johannes –  tale91@hotmail.com  eller johannes.sekse@gmail.com

Karl Arvid Andersen og Tale Hauso arbeider med stoff til Grannanytt.
Karl Arvid Andersen og Tale Hauso arbeider med stoff til Grannanytt. Tredjemann i redaksjnen, Johannes H. Sekse,  tok biletet.

Tale-røyret i NRK Hordaland  

 

Dette intervjuet hadde me med Tale Hauso då ho byrja som medarbeidar i  «Grannanytt». No håpar me endå fleire kan verta litt betre kjend med henne.

 

Bilen, kamera og mikrofon er alt Tale treng.
Bilen, kamera og mikrofon er alt Tale treng.

 

Ho brukar bilen til kontor. Det kjekkaste ho veit er å dansa og å koma seg til fjells med sauene.

Av Johannes H. Sekse

Det er ei smilande og  sprudlande blid jente som svingar BMW-en opp i tunet her på Øvsta Sekse. Me har avtalt eit lite intervju. Og me byrjar like godt med:

Kem æ du?

–  Eg er 24 år og av god fjorda-blanding. Far min kjem frå vestsida, mor frå Odda, der eg og vaks opp, og etter ein joladans på Espe for sju år sidan, hamna eg her på Austsio.

Ville heim att

Det var nemleg der og då ho møtte Jan (Sandven) som hadde kjøpt gard på NedreBørve.

Har du alltid hatt lysta å verta journalist?

–  Vegen har vel gått seg til etter kvart og har gjerne vore styrt av ein del tilfeldigheiter. Men eg har alltid vilja heim att til Hardanger.

Etter tre år ved Odda vidaregåande skule, studerte Tale ved Universitetet i Bergen. Der tok ho Bachelor i statsvitskap – Samanliknande politikk. Etter det søkte ho og kom inn på NRK Nynorsk Mediesenter i Førde. Praksisen fekk ho i NRK Hordaland, som truleg vart døropnaren dit.

Praksisen i NRK Hordaland opna truleg døra til  fast jobb.
Praksisen i NRK Hordaland opna truleg døra til fast jobb.

Fyrst fekk ho eit vikariat for Marte Rommetveit på Stord. Då Egil Torheim gav seg, dekka Tale både Sunnhordland og Hardanger ein periode. Då stillinga hans vart lyst ut, søkte ho og fekk jobben.

Glad i dataskjermar

 

Den nye medarbeidar- og redaktøren i Grannanytt, er over snittet glad i dataskjermar, slett ikkje noko hinder i NRK-jobben heller. Radio, nett og tv. I dag må du kunna alt. Hovudgesjeften er å laga ein god og aktuell lokalradio, men kvardagen skiftar fort.

Seinaste nokre dagar før dette intervjuet, måtte ho rykkja ut til husbrann i Odda og dekka saka for Dagsrevyen. Så var det nesten rett over på Klassequiz dagen etter – stor overgang frå noko djupt tragisk til noko langt meir triveleg og kjekt.

At Tale er glad i å prata med folk, likar seg saman med andre og alltid har vore glad i å skriva, er heller ikkje til meins i jobben hennar.

 

Ålreite dyr

 

Plan B var lærarutdanning. Men ho kunne like fullt ha hamna der ho er i dag for det. Det er nemleg svært vanleg at lærarar vert journalistar – som til dømes både underteikna og forgjengaren hennar, Egil Torheim.

Kinso med kinsekvelv oppe til høgre.
Kinso med stølen Kinsekvelv oppe til høgre. Nede til venstre skimtar me brua over Kinso, mellom Munkabu og Kinsekvelv.

Heime på garden, der dei driv med både sauer og frukt, hjelper Tale til med det meste. Det har vore svært mykje å gjera med bustadhuset og løo. Så då er det eit spørsmål om det vert tid til nokon hobbyar.

–  Å joda! Ein del i alle fall.

Tale deltek på trim/trening både på Sekse og Lofthus. Ho er glad i dyr. Sauer er som sagt ålreite. Og så er ho ekstremt glad i å gå i fjellet.

Tale (med kvit lue) og Jan på veg forbi Veivatnet md sauene i fjor sommar.
Tale (med kvit lue) og Jan på veg forbi Veivatnet md sauene i fjor sommar.

 

Toppen er ei veke i Kinsekvelv

 

Toppen er difor å kunna gå til fjells med sauene. Eller å ta seg ei ferieveke i Kinsekvelv – for å sjå etter sauene og slappa skikkeleg av.

– Det er det eg gler meg mest til av alt, smiler ho og legg til at dansen kjem på ein god andreplass, med «Swing» på topp.

Tale t.v. saman med "svigerinna" Helga Sandven, tek ein liten stopp i Munkabu, på veg inn med sauene.
Tale t.v. saman med «svigerinna» Helga Sandven, tek ein liten stopp i Munkabu, på veg inn med sauene.

—–

Tale er ei jente med begge beina planta på jorda – sjølv om jo arbeider i eteren, for å seia det slik.