Tale-røyret i NRK Hordaland  

 

Dette intervjuet hadde me med Tale Hauso då ho byrja som medarbeidar i  «Grannanytt». No håpar me endå fleire kan verta litt betre kjend med henne.

 

Bilen, kamera og mikrofon er alt Tale treng.
Bilen, kamera og mikrofon er alt Tale treng.

 

Ho brukar bilen til kontor. Det kjekkaste ho veit er å dansa og å koma seg til fjells med sauene.

Av Johannes H. Sekse

Det er ei smilande og  sprudlande blid jente som svingar BMW-en opp i tunet her på Øvsta Sekse. Me har avtalt eit lite intervju. Og me byrjar like godt med:

Kem æ du?

–  Eg er 24 år og av god fjorda-blanding. Far min kjem frå vestsida, mor frå Odda, der eg og vaks opp, og etter ein joladans på Espe for sju år sidan, hamna eg her på Austsio.

Ville heim att

Det var nemleg der og då ho møtte Jan (Sandven) som hadde kjøpt gard på NedreBørve.

Har du alltid hatt lysta å verta journalist?

–  Vegen har vel gått seg til etter kvart og har gjerne vore styrt av ein del tilfeldigheiter. Men eg har alltid vilja heim att til Hardanger.

Etter tre år ved Odda vidaregåande skule, studerte Tale ved Universitetet i Bergen. Der tok ho Bachelor i statsvitskap – Samanliknande politikk. Etter det søkte ho og kom inn på NRK Nynorsk Mediesenter i Førde. Praksisen fekk ho i NRK Hordaland, som truleg vart døropnaren dit.

Praksisen i NRK Hordaland opna truleg døra til  fast jobb.
Praksisen i NRK Hordaland opna truleg døra til fast jobb.

Fyrst fekk ho eit vikariat for Marte Rommetveit på Stord. Då Egil Torheim gav seg, dekka Tale både Sunnhordland og Hardanger ein periode. Då stillinga hans vart lyst ut, søkte ho og fekk jobben.

Glad i dataskjermar

 

Den nye medarbeidar- og redaktøren i Grannanytt, er over snittet glad i dataskjermar, slett ikkje noko hinder i NRK-jobben heller. Radio, nett og tv. I dag må du kunna alt. Hovudgesjeften er å laga ein god og aktuell lokalradio, men kvardagen skiftar fort.

Seinaste nokre dagar før dette intervjuet, måtte ho rykkja ut til husbrann i Odda og dekka saka for Dagsrevyen. Så var det nesten rett over på Klassequiz dagen etter – stor overgang frå noko djupt tragisk til noko langt meir triveleg og kjekt.

At Tale er glad i å prata med folk, likar seg saman med andre og alltid har vore glad i å skriva, er heller ikkje til meins i jobben hennar.

 

Ålreite dyr

 

Plan B var lærarutdanning. Men ho kunne like fullt ha hamna der ho er i dag for det. Det er nemleg svært vanleg at lærarar vert journalistar – som til dømes både underteikna og forgjengaren hennar, Egil Torheim.

Kinso med kinsekvelv oppe til høgre.
Kinso med stølen Kinsekvelv oppe til høgre. Nede til venstre skimtar me brua over Kinso, mellom Munkabu og Kinsekvelv.

Heime på garden, der dei driv med både sauer og frukt, hjelper Tale til med det meste. Det har vore svært mykje å gjera med bustadhuset og løo. Så då er det eit spørsmål om det vert tid til nokon hobbyar.

–  Å joda! Ein del i alle fall.

Tale deltek på trim/trening både på Sekse og Lofthus. Ho er glad i dyr. Sauer er som sagt ålreite. Og så er ho ekstremt glad i å gå i fjellet.

Tale (med kvit lue) og Jan på veg forbi Veivatnet md sauene i fjor sommar.
Tale (med kvit lue) og Jan på veg forbi Veivatnet md sauene i fjor sommar.

 

Toppen er ei veke i Kinsekvelv

 

Toppen er difor å kunna gå til fjells med sauene. Eller å ta seg ei ferieveke i Kinsekvelv – for å sjå etter sauene og slappa skikkeleg av.

– Det er det eg gler meg mest til av alt, smiler ho og legg til at dansen kjem på ein god andreplass, med «Swing» på topp.

Tale t.v. saman med "svigerinna" Helga Sandven, tek ein liten stopp i Munkabu, på veg inn med sauene.
Tale t.v. saman med «svigerinna» Helga Sandven, tek ein liten stopp i Munkabu, på veg inn med sauene.

—–

Tale er ei jente med begge beina planta på jorda – sjølv om jo arbeider i eteren, for å seia det slik.

Forfattar: Johannes H. Sekse

Oppvaksen på Børve og Sekse. Odda gymnas (-1969). Stord lærarskule (1969-1971) Notodden lærerskole (1971-1972), kokk i militæret 1972(-1973). Norsklina ved Stord lærarskule (1973-1974). Lærar ved Rimbareid skule, Fitjar (1974-1982), Hauso barne- og ungdomsskule, Ullensvang (1984-1987), Avisarbeid: Redaktør i "Hardanger" (1982-1984). Før det: Redaktør i Marsteinen i Austevoll (1977-1982), Frilansar i bladet Sunnhordland (1975-1982) og frå 1984 frilansar og frå 1987-2011 journalist i Hardanger Folkeblad. . Driv no gard med frukt og sau, og er engasjert i ulike lag og ymse aktivitetar. Mellom anna er eg redaktør i heimesida til IAG.