Koseleg jolamøte i eldrelaget

Torsdag inviterte Børve, Sekse og Espe eldrelag til jolamøte med ekstra god mat i Grannatun. Jolastemning fekk dei alt på veg inn.

Andreas Sekse, som her forsyner seg med ribba og mykje godt til,  har teke ein pause i spelinga.

 

 

 

Andreas Sekse var invitert til å spela både til jolasongane og litt elles. Noko som sette ein ekstra spiss.

Ribbo og maten elles, smaka fortreffeleg, takk vere Gunnbjørg Sekse og Borghild-Marie Meland til venstre.  Karin og Vigleik Mikkelsen var mellom dei som fekk nyta godt av godsakene.

I tillegg til jolasongar og musikk, las skrivaren Leif Harald Ystanes gjennom møteboka for dei to siste samkomene. (Biletet nedanfor.) Dei er så velskrivne at dei er for underhaldning å rekna.

Jakobs hjørna der Jakob Midtun fortel stubbar både på og ved sida av kanten, er eit fast innslag som kallar på både flir og gapskratt.

Jakob har alltid eit smil og ei saftig skrøne på lur. (Biletet)

Han er ikkje vekke leiar Jon Arne Meland heller. Han styrer møta på ein ledig og laus måte. Denne gongen las han i tillegg eit dikt om «Tilbod på jolavask for pensjonistar», som også slo godt an.

Diktet handla om ein som trudde det var kroppsvask det var snakk om, men som fekk seg ein grundig  bilvask – med tectylbehandling. Han vart i alle fall rein.

EIt triveleg bordseta i adventstida. God jol i møte!

 

Forfattar: Johannes H. Sekse

Oppvaksen på Børve og Sekse. Odda gymnas (-1969). Stord lærarskule (1969-1971) Notodden lærerskole (1971-1972), kokk i militæret 1972(-1973). Norsklina ved Stord lærarskule (1973-1974). Lærar ved Rimbareid skule, Fitjar (1974-1982), Hauso barne- og ungdomsskule, Ullensvang (1984-1987), Avisarbeid: Redaktør i "Hardanger" (1982-1984). Før det: Redaktør i Marsteinen i Austevoll (1977-1982), Frilansar i bladet Sunnhordland (1975-1982) og frå 1984 frilansar og frå 1987-2011 journalist i Hardanger Folkeblad. . Driv no gard med frukt og sau, og er engasjert i ulike lag og ymse aktivitetar. Mellom anna er eg redaktør i heimesida til IAG.