Vår nye arena

Bryggjo vår

Her inne i den lune Markaståvikje byrjar eit flott dugnadsprosjekt å ta form.

Mange har nok observert høg aktivitet her den siste tida. Kvar Tysdag og Torsdag har unge og eldre samla seg til dugnad. Føyk og IAG har gått saman om å byggja ein ny samlingsplass inni den flotte båthamna til Grannabryggjo. Observante auger har nok sett at antal båtar fortøyd her berre aukar. Folk som har hatt båt og folk som har gått til innkjøp av ny båt siglar inn til sin oppmålte plass. Litt stolte trur eg dei fleste er.

Me oppfordrar alle til å støtta desse prosjekta som gjer bygdene våre rikare,sterkare og bedre rusta for å møta framtida.

Ber alle om å støtta Føyk, IAG og Grannabryggjo ved å vera medlem i desse laga. Det er medlemspengane til laga som har gjort det mogeleg å få til desse felles bygdeprosjekta.

Det er ingen lette pengar som dett i hovudet vårt ute i bygdene, det me skal få til må me arbeida og betala for sjølve.

Til dei som har lyst og krefter til overs kan de ta kontakt med Øyvind Andersen . Me fortset dugnadane framover til me er ferdige. Kvar tysdag og Torsdag kveld.

Helsing dugnadskomiteen.

Inspirerte grannalaget

 

«Viss du deltek får du vera med og bestemma! Folk må ha tru på at dei skal vinna!»

Ragna Flotve
Ragna Flotve

Dette og mykje anna kom Ragna Flotve frå Landbruksavdelinga til Fylkesmannen i Hordaland inn på då ho inspirerte årsmøtet i Indre Austsio Grannalag. Ho oppmoda folk til å tenkja kreativt og konstruktivt og ha tru på eigne krefter og ressursar .

Av Johannes H. Sekse

«Levande bygder» var temaet hennar, og grunnlaget for nettopp det, er at flest mogeleg engasjerer seg.

«Antan er me med, eller så er me det ikkje», sa ho. Viss du deltek i lokalsamfunnet rundt deg, får du også vera med og bestemma. Difor hadde ho gjerne sett fleire, og ikkje minst fleire unge i salen denne kvelden. Hald fram med å lese «Inspirerte grannalaget»

Sel øl som hakka møk

Petter Sexe Ulriksen og Magne Eivind Moe med påskeølet.
Petter Sexe Ulriksen og Magne Eivind Moe med påskeølet. Og i bakgrunnen sydar det meir «Deildo» som skal vera klart omlag midt i april.

Det nye Børve-ølet «Deildo» vart selt ut på rekordtid. No er Hardanger Handbryggeri klar med påskølet sitt.

Av Johannes H. Sekse

Med seks basis-sortar i botn, (Tyst, Spøkje tyst, Haarteigen, Bek og Kodnøl) og tre sesongøl (Potlaskatt, Deildo og Påkekrim i 5773), har det nye bryggerieventyret på Børve skote bortimot prepåskekriminell fart.

«Deildo» kom som ein salve på veganlegget med same namn – og forsvann.

«600 flasker var vekke på fire dagar», seier ein av ølgründerane, Petter Sexe Ulriksen, til IAG.no. «Bunnpris» – eller Handelslaget på Lofthus – selde til dømes ut 120 flasker på to dagar.

Ulriksen trøystar dei tyste med at i dag, torsdag 9. mars, laga dei ei ny koke med dette ølet, som er inspirert av rassikringprosjektet mellom Børve og Lofthus. Det vil vera klart i midten av april, seier han. – «Ølet altså». Vegopninga må venta litt til.

I mellomtida har dei derimot alt lansert påskeølet sitt. Dette er ein APA- (Amerikansk) type, raud på farge og litt mildare humla enn ein typisk IPA.

–  Påskeølet vårt passar glimrande til t.d. spekjemat frå Spansteigen og grillmat – gjerne  rett i solveggen.

Og medan du sit der og slikkar påskesol, kan du snu flaska og lesa på etiketten. Oppmodinga er kort og godt: «Skriv ein liten påskekrim, basert på stikkorda der». Ølet har kort og godt fått namnet  «Påskekrim på 5773», og er alt no ute i alle butikkane i Ullensvang, nærbutikken i Tyssedal og Skarsmo – og på bryggeriutsalet på Børve.

påske2I tillegg til eigne produkt, sel dei også varer frå andre lokale produsentar som spekepølse frå Spansteigen gard og saft frå «Hardanger Eple» (biletet til høgre).

 

Handbrygg fekk føter å gå på

Det vart rift etter dei 30 «samle»-kassane til det nystarta ølbryggeriet på Børve, då dei opna for sal over disk tysdag ettermiddag.

 Av Johannes H. Sekse

Stig Atle Meland var fyrste kunde og sikra seg nokre eksemplar av samlekassen med ulike øltypar.
Stig Atle Meland var fyrste kunde og sikra seg nokre eksemplar av samlekassen med ulike øltypar.

Stig Atle Meland gliste godt, då han med ein kasse i kvar hand, kunne slå fast at han hadde sikra seg souvenirar med flytande innhald. Deretter seig det på, både med lokale kundar, og litt meir langvegsfarande.

Medan Karl-Magnus Andersen er i innspurt med joletresal i Bergen, var det dei tre andre medeigarane i Hardanger Handbryggeri, Petter Sexe Ulriksen, Johannes Solheim og Magnus Steigedal som stod for salet denne fyrste dagen.

Jon Arne Meland gjorde godt innhogg, då han som ein av dei fyrste kundane fekk sleppa til. Her hjelpt av Johannes Solheim og Petter Sexe Ulriksen.
Jon Arne Meland gjorde godt innhogg, då han som ein av dei fyrste kundane fekk sleppa til. Her hjelpt av Johannes Solheim og Petter Sexe Ulriksen.

Den såkalla samlekassen var berre laga i 30 eksemplar, og gjekk fort unna. Han inneheldt dei fem basisølsortane og det nye jolaølet deira, fint dandert i svidde trekassar med ein dasj turrhøy frå ein gard på Sekse og ein liten brakekvist – eller –dusk, som ho Ingrid Espelid ville ha sagt det.

Geir Sekse betalte med kort.
Geir Sekse betalte med kort.

Det ligg to års planlegging, tenkjing, prøving og feiling, byråkrati, investeringar, svevnlause netter bak, når dei endeleg kunne opna dørene. Dei fire har til saman 40 års røynsle med brugging. På trass av fire  ulike utgangspunkt og ei rad idear og meiningar om korleis øl skal smaka, tok dei til slutt Hardangertradisjonen på alvor, som dei sjølve uttrykkjer det.

God stemning i lokalet medan folk venta på tur.
God stemning i lokalet medan folk venta på tur.

Mellom anna er det silt gjennom brakje, som set sin eigen smak på brugget. Heile prosessen, frå dei meltar kornet til dei set på etikettane, vert gjort for hand. Det seier seg difor at det er ein arbeids- og tidkrevjande produksjon.

Som med frimerkesamlarar, er det kan henda at nokon av dei som kjøpte fyrsteutgåva med øl frå Børve, kjem til å plassera det saman med eventuelt andre i ei eiga samling.

Men for mange, vert det truleg berre flaskene som overlever. Og skulle nokon gå tomme, vil det vera  ope for sal kvar torsdag. Ølet er elles alt å få tak i i butikkane, der det alt har vorte godt motteke.

Mellom anna skal det ha vore nokon samlarar som køyrde eins ærend frå Haugesund til Tyssedal for å sikra seg nokon flasker av det nye Hardangerølet.

Kari vann namnekonkurransen

Kari Svåsand fekk premie for namnet på joleølet. - Nemleg "Potlaskatt".
Kari Svåsand fekk premie for namnet på joleølet. – Nemleg «Potlaskatt».

Pilsen til Hardanger Handbryggeri heiter «Tyst», sterkølet «Haarteigen» og mørkølet «Bek». Men kva skulle dei kalla joleølet?

Då dei starta fyrste koko si med det, lyste dei samstundes ut ein namnekonkurranse. Det kom inn fleire forslag. Den som gjekk til topps, var Kari Svåsand. Ho føreslo «Potlaskatt».

Ho var særleg invitert til opninga, og fekk ein fin premie og takk.

 

 

 

Startar direktesal av øl

Klar for produksjon. Johannes Solheim f.v., Magnus Steigedal, Petter Sexe Ulriksen og Karl Magnus Andersen (ikkje til stades) står bak den nye, lokale ølproduksjonen.
Klar for produksjon. Johannes Solheim f.v., Magnus Steigedal, Petter Sexe Ulriksen og Karl Magnus Andersen (ikkje til stades) står bak den nye, lokale ølproduksjonen. (Arkivfoto)

Tysdag fyrstkomande opnar Hardanger Handbryggeri direkte utsal  frå bryggeriet på Børve.

Av Johannes H. Sekse

 

Dette melder bryggeriet sjølv på si eiga heimeside. Ølet deira har vorte sværtr godt motteke i butikkane, og no opnar dei i tillegg eigne dører for direktesal.

For å setje litt ekstra stas på opningsdagen, vil dei gjera eit par ekstra stunt:

  1. sal av 30 stk limiterte presangkassar, signerte, med seks flasker i kvar kasse. Dei inneheld dei fem sortane dei for tida har – Tyst, Spøkjetyst, Bek, Haarteigen og jolaølet Potlaskatt. or at alle skal stilla likt, vert det dei fyrste frammøtte som får kjøpa presangkassane. For dei som har litt meir tolmod, kjem slike kassar til å verta selde over nyttår. Då vert dei produsert i stort antal.
    2. Dei vil og nytta høvet til å overrekkja premie til vinnaren av namnekonkurransen på jolaølet deira – Potlaskatt. Vinnaren vert presentert etter det.

Det vert ope fast kvar torsdag klokka 16.00-19.30 heretter.

Torsdagen i romjola vert det også bryggedag samstundes med sal. Då kan dei som ynskjer og har tid, koma og sjå mendan dei bryggar øltypane Spøkjetyst og Haarteigen.

Historisk øl på Børve

Denne veka kom den endelege velsigninga frå Helsedirektoratet, og karane bak Hardanger Handbryggeri kunne fyra under den aller fyrste koka med øl – godkjent for sal.

Av Johannes H. Sekse

Det har nok vore brugga mykje øl på Børve før og. Men ikkje for sal. Det skjer no.

Hardanger Handbryggeri held til i leigde lokale i det tidlegare fruktlageret på Børve. Berre vel hundre meter frå staden der den fyrste lokalavisa «Hardingjen» kom ut i si tid.

 

Klargjer den aller fyrste godkjende produksjonen.
Klargjer den aller fyrste godkjende produksjonen.

IAG sin utsende var med då den ferske verksemda fyrde under ølkjelane for å laga det aller fyrste godkjende produktet sitt måndag denne veka. Alle fire – det vil seia Karl Magnus Andersen, Johannes Solheim, Magnus Steigedal og Petter Sexe Ulriksen, har brugga øl kvar for seg i mange år. (Karl Magnus var ikkje med då me var til stades.)

Fire hovudtypar

 Idéen om å gå saman og produsera øl for sal, dukka opp i februar for snart to år sidan. Etter det har dei planlagt, prøveprodusert og testa seg fram til eit stabilt produkt som dei kan stå inne for. Det vil også seia eit øl som smakar – og er likt – frå gong til gong.

Ei av utfordringane har vore å få rett styrke, for å kunna selja i butikk. Der er dei i dag, og kan snart tilby fire hovudprodukt – «Haarteigen» som er eit IPA-øl, pilstypen «Tyst», «Spøkje tyst» (Kölsch) og «Bek» – som namnet skulle tilseia, eit myrkt øl av stouttypen. I tillegg kjem dei til å laga jole- og påskeøl.

Å spela på Hardangernamnet, meiner dei  har stort potensiale med tanke på marknadsføring og sal. At dei i tillegg er eit handbryggeri, bør boga for kvalitet. Mange av prosessane vert nemleg gjort med handamakt.

Bygg er hovudkomponenten i dei nye produkta.
Bygg er hovudkomponenten i dei nye produkta.

Oppskrifta vil dei naturleg nok ikkje ut med, men i hovudsak brukar dei bygg.  Ulike typar humle set smaken, saman med ein liten dæsj brakje frå Sekse. Ein del av utstyret har dei tilpassa sjølve medan resten og råvarene kjem frå «Brygging AS» i Tyssedal.

Vil starta forsiktig

Så langt vert produksjonen avgrensa av ein kjel på 500 liter. Men dei har relativt romslege lokale, som gjev plass for utviding om utviklinga går rett veg. I utgangspunktet satsar dei på lokale butikkar og serveringsstader. I tillegg vil dei selja produkta sine gjennom Vinmonopolet, og i neste omgang vil dei søkja om løyve til sal over disk.

Ein draum er også å kunna tilby uteservering på kaien.

Agnar Ulriksen har laga den spesielle emballasjen.
Agnar Ulriksen har laga den spesielle emballasjen.

Mattilsynet har også sagt sitt og godkjent lokala og produksjonen, og no kom det altså endeleg godkjenning frå Helsedirektoratet. Det gjev løyve til å tilverka alkoholhaldig drikk inntil 22 prosent.

Flasketre. Flasker klare for den fyrste godkjende produksjonen, som snart kjem ut i ein butikk nær deg, som det gjerne heiter.
Flasketre. Flasker klare for den fyrste godkjende produksjonen, som snart kjem ut i ein butikk nær deg, som det gjerne heiter.

Ølet er tappa på glasflasker, pryda med eigenproduserte etiketter. Det kan kjøpast flaskevis eller som sekspakning i ein spesialprodusert tre-emballasje, som Agnar Ulriksen lagar. Dei som ynskjer det får att flaskepant om dei leverer tomflaskene inn på sjølve bryggeriet.

Det rykande ferske løyvet opnar også for produksjon av sider. Men det får heller koma seinare. No konsentrerer dei seg om dei fire hovudtypane og dei to sesongbaserte til jol og påske.

Resten av prøveproduksjonen står klar for dei som eventuelt vil ha ein smaksprøve før kjøp.
Resten av prøveproduksjonen står klar for dei som eventuelt vil ha ein smaksprøve før kjøp.

«Joleølet og «Tyst» skal vera i butikk før jol!» slår dei fast, før dei byrjar å meska. Ein lang kveld står framfor dei.

Namnekonkurranse

For å finna eit treffande namn på joleølet, ynskjer dei hjelp frå lesarane. Alle som kjem med forslag på namn innan 31. oktober, vert med i konkurransen om ein fin premie. Namnet bør vera kort og treffande!