Historisk øl på Børve

Denne veka kom den endelege velsigninga frå Helsedirektoratet, og karane bak Hardanger Handbryggeri kunne fyra under den aller fyrste koka med øl – godkjent for sal.

Av Johannes H. Sekse

Det har nok vore brugga mykje øl på Børve før og. Men ikkje for sal. Det skjer no.

Hardanger Handbryggeri held til i leigde lokale i det tidlegare fruktlageret på Børve. Berre vel hundre meter frå staden der den fyrste lokalavisa «Hardingjen» kom ut i si tid.

 

Klargjer den aller fyrste godkjende produksjonen.
Klargjer den aller fyrste godkjende produksjonen.

IAG sin utsende var med då den ferske verksemda fyrde under ølkjelane for å laga det aller fyrste godkjende produktet sitt måndag denne veka. Alle fire – det vil seia Karl Magnus Andersen, Johannes Solheim, Magnus Steigedal og Petter Sexe Ulriksen, har brugga øl kvar for seg i mange år. (Karl Magnus var ikkje med då me var til stades.)

Fire hovudtypar

 Idéen om å gå saman og produsera øl for sal, dukka opp i februar for snart to år sidan. Etter det har dei planlagt, prøveprodusert og testa seg fram til eit stabilt produkt som dei kan stå inne for. Det vil også seia eit øl som smakar – og er likt – frå gong til gong.

Ei av utfordringane har vore å få rett styrke, for å kunna selja i butikk. Der er dei i dag, og kan snart tilby fire hovudprodukt – «Haarteigen» som er eit IPA-øl, pilstypen «Tyst», «Spøkje tyst» (Kölsch) og «Bek» – som namnet skulle tilseia, eit myrkt øl av stouttypen. I tillegg kjem dei til å laga jole- og påskeøl.

Å spela på Hardangernamnet, meiner dei  har stort potensiale med tanke på marknadsføring og sal. At dei i tillegg er eit handbryggeri, bør boga for kvalitet. Mange av prosessane vert nemleg gjort med handamakt.

Bygg er hovudkomponenten i dei nye produkta.
Bygg er hovudkomponenten i dei nye produkta.

Oppskrifta vil dei naturleg nok ikkje ut med, men i hovudsak brukar dei bygg.  Ulike typar humle set smaken, saman med ein liten dæsj brakje frå Sekse. Ein del av utstyret har dei tilpassa sjølve medan resten og råvarene kjem frå «Brygging AS» i Tyssedal.

Vil starta forsiktig

Så langt vert produksjonen avgrensa av ein kjel på 500 liter. Men dei har relativt romslege lokale, som gjev plass for utviding om utviklinga går rett veg. I utgangspunktet satsar dei på lokale butikkar og serveringsstader. I tillegg vil dei selja produkta sine gjennom Vinmonopolet, og i neste omgang vil dei søkja om løyve til sal over disk.

Ein draum er også å kunna tilby uteservering på kaien.

Agnar Ulriksen har laga den spesielle emballasjen.
Agnar Ulriksen har laga den spesielle emballasjen.

Mattilsynet har også sagt sitt og godkjent lokala og produksjonen, og no kom det altså endeleg godkjenning frå Helsedirektoratet. Det gjev løyve til å tilverka alkoholhaldig drikk inntil 22 prosent.

Flasketre. Flasker klare for den fyrste godkjende produksjonen, som snart kjem ut i ein butikk nær deg, som det gjerne heiter.
Flasketre. Flasker klare for den fyrste godkjende produksjonen, som snart kjem ut i ein butikk nær deg, som det gjerne heiter.

Ølet er tappa på glasflasker, pryda med eigenproduserte etiketter. Det kan kjøpast flaskevis eller som sekspakning i ein spesialprodusert tre-emballasje, som Agnar Ulriksen lagar. Dei som ynskjer det får att flaskepant om dei leverer tomflaskene inn på sjølve bryggeriet.

Det rykande ferske løyvet opnar også for produksjon av sider. Men det får heller koma seinare. No konsentrerer dei seg om dei fire hovudtypane og dei to sesongbaserte til jol og påske.

Resten av prøveproduksjonen står klar for dei som eventuelt vil ha ein smaksprøve før kjøp.
Resten av prøveproduksjonen står klar for dei som eventuelt vil ha ein smaksprøve før kjøp.

«Joleølet og «Tyst» skal vera i butikk før jol!» slår dei fast, før dei byrjar å meska. Ein lang kveld står framfor dei.

Namnekonkurranse

For å finna eit treffande namn på joleølet, ynskjer dei hjelp frå lesarane. Alle som kjem med forslag på namn innan 31. oktober, vert med i konkurransen om ein fin premie. Namnet bør vera kort og treffande!

 

Forfattar: Johannes H. Sekse

Oppvaksen på Børve og Sekse. Odda gymnas (-1969). Stord lærarskule (1969-1971) Notodden lærerskole (1971-1972), kokk i militæret 1972(-1973). Norsklina ved Stord lærarskule (1973-1974). Lærar ved Rimbareid skule, Fitjar (1974-1982), Hauso barne- og ungdomsskule, Ullensvang (1984-1987), Avisarbeid: Redaktør i "Hardanger" (1982-1984). Før det: Redaktør i Marsteinen i Austevoll (1977-1982), Frilansar i bladet Sunnhordland (1975-1982) og frå 1984 frilansar og frå 1987-2011 journalist i Hardanger Folkeblad. . Driv no gard med frukt og sau, og er engasjert i ulike lag og ymse aktivitetar. Mellom anna er eg redaktør i heimesida til IAG.